7 Konklusjon og tilråding
Etter Nærings- og handelsdepartementet sitt syn vil norsk deltaking i eContent-programmet i EU auke medvitet om kor viktig det er å stimulere til norsk digital innhaldsproduksjon. Programmet passar godt saman med viktige norske IT-politiske prioriteringar knytte til handlingsplanen for breibandkommunikasjon og fornying av den offentlege sektoren. Internasjonalt samarbeid innan forsking og næringsutvikling er her eit viktig supplement til nasjonalt arbeid, og etter Nærings- og handelsdepartementet sitt syn vil Noreg difor ha stor nytte av å ta del i programmet eContent. Nærings- og handelsdepartementet tilrår difor at Noreg tek del i ei avgjerd i EØS-komiteen om endring av protokoll 31 artikkel 2 i EØS-avtala om innlemming av programmet eContent i avtala. Utanriksdepartementet er samd i dette.