3 Avtale om basistilskot, driftstilskot og takstar for legar
I forhandlingsmøte 30. mai 2008 blei Den norske legeforening, staten, KS og dei regionale helseføretaka samde om eit tilrådd framlegg til revidert avtale om basistilskot for fastlegar, driftstilskot for legespesialistar og takstar for tidsrommet 1. juli 2008 - 30. juni 2009.
Det tilrådde framlegget inneber at gjeldande basistilskot, driftstilskot, takstar og fondsavsetningar samla blir auka med 7,6 prosent per 1. juli 2008. Partane vil snarast komme saman for å dele ramma på dei einskilde takstane, driftstilskota og fonda.
Meirutgiftene for folketrygda til refusjonar og fondsavsetningar i 2008 er rekna til 250,0 mill. kroner, delt med 60,0 mill. kroner på kap 2711 post 70 Refusjon spesialisthjelp og 190,0 mill. kroner på kap 2755 post 70 Refusjon allmennlegehjelp.