4 Avtale om driftstilskot og takstar for fysioterapeutar
I forhandlingsmøte 27. mai 2008 blei Norsk Fysioterapeutforbund, KS og staten samde om eit tilrådd framlegg til revidert avtale om driftstilskot og takstar for fysioterapeutar. Avtalen skal gjelde for tidsrommet 1. juli 2008 – 30. juni 2009.
Avtalen føreset ei samla regulering av takstar, driftstilskot og avsetning til fondet for etter- og vidareutdanning med 8,1 prosent per 1. juli 2008. Takstar og driftstilskot aukar med same prosentsats.
Departementet tilrår at kap 2755 post 71 Refusjon fysioterapi blir auka med 80,0 mill kroner.
Fastlønnstilskotet til kommunar med fysioterapeutstillingar var 144 200 kroner for 2007. Departementet tilrår at fastlønnstilskotet blir regulert til 151 500 kroner for 2008, og at kap. 2755 post 62 Tilskot til fastlønnsordning fysioterapeutar blir auka med 5,0 mill. kroner.