Tilråing
Helse- og omsorgsdepartementet
tilrår:
At Dykkar Majestet godkjenner og skriv under eit framlagt forslag til proposisjon til Stortinget om endringar i statsbudsjettet for 2008 som følgje av takstoppgjera for legar, psykologar og fysioterapeutar.
Vi HARALD, Noregs Konge,
stadfester:
Stortinget blir bedt om å gjere vedtak om endringar i statsbudsjettet for 2008 som følgje av takstoppgjera for legar, psykologar og fysioterapeutar i samsvar med eit vedlagt forslag.