5 Avtale om driftstilskot og takstar for psykologar
I forhandlingsmøte 30. mai 2008 blei Norsk Psykologforening, staten og dei regionale helseføretaka samde om eit tilrådd framlegg til revidert avtale om driftstilskot og takstar for spesialistar i klinisk psykologi. Avtalen skal gjelde for tidsrommet 1. juli 2008 - 30. juni 2009.
Avtalen føreset ei samla regulering av takstar, driftstilskot og avsetning til fondet for vidare- og etterutdanning med 6,8 prosent per 1. juli 2008. Takstar og driftstilskot aukar med same prosentsats. Departementet tilrår at kap 2711 post 71 Refusjon psykologhjelp blir auka med 10,0 mill kroner.