2 Nærmare om Kultur 2000-programmet
Programmet gjev økonomisk stønad til samarbeidsprosjekt mellom europeiske kulturoperatørar. Programmet tek sikte på å få oppfylt ei rekkje mål:
fremming av eit felles kulturområde for europearane gjennom å framheve dei kulturelle fellestrekka deira
respekt for og fremjing av kulturelt mangfald
kreativitet som ei kjelde til berekraftig utvikling innanfor det felles kulturområdet
kulturell medverknad til sosial samhøyrsle
utbreiing av kjennskapen til europeiske kulturar i tredjestatar og dialog med andre kulturar i verda
Programmet gjev stønad til eittårige og fleirårige prosjekt. Det vert mellom anna gjeve stønad til prosjekt på områda visuell kunst, utøvande kunst, litteratur og kulturarv og til omsetjing av europeiske litterære verk. Større prosjekt som er særleg viktige for europeisk kulturliv, som til dømes dei europeiske kulturhovudstadene og dei europeiske kulturarvdagane, kan òg få stønad.
For eittårige og fleirårige prosjekt er det ein føresetnad at kulturoperatørar frå fleire land tek del i prosjektet. Det vert ikkje gjeve stønad til enkeltpersonar, berre til organisasjonar. Prosjektmidlar vert lyst ut årleg, og prosjekta vert valde ut på grunnlag av fagleg kvalitet.
Det er skipa ein forvaltingskomité med representasjon frå deltakarlanda. Komiteen skal uttale seg om prioriteringar og generelle retningsliner for den årlege gjennomføringa av tiltaksområda, prosedyrar for utveljing av prosjekta og fordeling av stønad. Ved behov for votering gjev komiteen fråsegn i samsvar med gjeldande prosedyrar for avrøysting i forvaltingskomitear. Noreg tek del i komiteen med same rettar og plikter som medlemsstatane med unntak av røysterett.