4 Avgjerda i EØS-komiteen
Avgjerda i EØS-komiteen om deltaking av EFTA/EØS-statane i vidareføringa av Kultur 2000-programmet inneheld ei innleiing og tre artiklar. I innleiinga vert det vist til artikkel 86 og 98 i EØS-avtala som gjer det mogleg for EØS-komiteen å endre vedlegga til avtala gjennom avgjerd i EØS-komiteen.
Artikkel 1 slår fast at europaparlaments- og rådsavgjerd nr. 626/2004/EF av 31. mars 2004 skal innlemmast som eit nytt nr. 4 i protokoll 31 artikkel 13.
Artikkel 2 slår fast at avgjerda tek til å gjelde dagen etter at EØS-komiteen har motteke den siste meldinga etter artikkel 103 nr. 1 i avtala. Avgjerda skal gjelde frå 1. januar 2005.
Artikkel 3 slår fast at avgjerda skal kunngjerast i EØS-avdelinga av og EØS-tillegget til Tidend for Den europeiske unionen.