Tilråing
Utanriksdepartementet
tilrår:
At Dykkar Majestet godkjenner og skriv under eit framlagt forslag til proposisjon til Stortinget om samtykke til deltaking i ei avgjerd i EØS-komiteen om innlemming i EØS-avtala av avgjerd nr. 626/2004/EF av 31. mars 2004 om vidareføring av rammeprogrammet for kultur (Kultur 2000-programmet).
Vi HARALD, Noregs Konge,
stadfester:
Stortinget blir bedt om å gjere vedtak om samtykke til deltaking i ei avgjerd i EØS-komiteen om innlemming i EØS-avtala av avgjerd nr. 626/2004/EF av 31. mars 2004 om vidareføring av rammeprogrammet for kultur (Kultur 2000-programmet), i samsvar med eit vedlagt framlegg.