6 Vurdering og tilråding
Kulturprogrammet vil styrkje samhandlinga mellom kulturoperatørar i Noreg og Europa. For norske kulturaktørar er det viktig å kunne halde fram med å nyttiggjere seg eit program som alt er innarbeidd og å byggje vidare på det samarbeidet som er skipa gjennom den første programperioden.
Kultur- og kyrkjedepartementet rår derfor til at Noreg tek del i ei avgjerd i EØS-komiteen om innlemming i EØS-avtala av avgjerd nr. 626/2004/EF av 31. mai 2004 om vidareføring av rammeprogrammet for kultur (Kultur 2000-programmet). Utanriksdepartementet sluttar seg til dette.