2 Orientering om det nye forvaltarselskapet for SDØE og det nye transportselskapet for naturgass
I St.prp. nr. 40 vart det ikkje bedt om løyving for utgifter til sjølve opprettinga av det nye forvaltarselskapet for SDØE og det nye transportselskapet for naturgass. Regjeringa vil no informera nærare om dei to selskapa og leggja fram budsjettkonsekvensane for 2001.
2.1 Oppretting og drift av det nye forvaltarselskapet for SDØE
2.1.1 Kort om forvaltarselskapet
I St.prp. nr. 36 (2000-2001) tilrår regjeringa at det vert skipa eit nytt statsaksjeselskap som på eit forretningsmessig grunnlag skal forvalta SDØE-porteføljen i utvinningstillatingar, røyrleidningar og landanlegg staten vil ha eigardelar i. I Ot.prp. nr. 48 (2000-2001) Om lov om endring i lov 29. november 1996 nr. 72 om petroleumsvirksomhet (forvalterordning for statens direkte økonomiske engasjement) la Olje- og energidepartementet fram eit forslag til nytt kapittel i petroleumslova. Lovforslaget vart fremja i tilknyting til forslaget i St.prp. nr. 36 (2000-2001) om oppretting av eit forvaltarselskap for SDØE-porteføljen.
Forvaltarselskapet for SDØE-porteføljen skal sikra ei best mogleg forvalting av olje- og gassressursane og høgast mogleg verdiskaping for staten. Ein føresetnad for forvaltarselskapet er at det skal utføra oppgåvene utan å byggja opp like omfattande kompetanse som eit tradisjonelt oljeselskap på alle område.
Forvaltarselskapet kan nytta forretningsførarar og rådgjevarar i verksemda. Målsetjinga er i størst mogleg grad å nytta kompetansen som finst i eksisterande organisasjonar framfor å byggja opp nye kompetansemiljø. Sentrale oppgåver for forvaltarselskapet vil vera:
oppfølging av staten sine eigardelar i dei einskilde lisensane og samla for heile porteføljen, samt å vurdera tilpassingar i porteføljen (kjøp, sal, bytte)
ansvar for og overvaking av avsetnadsordninga for staten sin petroleum
rekneskap og likviditetsstyring
Forvaltarselskapet har i tillegg behov for støttefunksjonar som til dømes finansfunksjon, budsjett, forsikring, arkiv og EDB system.
Gitt føresetnadene for arbeidsoppgåvene til forvaltarselskapet har departementet kome til at selskapet bør kunne løysa arbeidsoppgåvene med om lag 40-60 tilsette. Selskapet vil i all hovudsak trenga personell med høgare utdanning og brei bransjeerfaring. Forvaltarselskapet for SDØE skal ikkje sjølv ha inntekter eller utgifter knytta til verksemda. Som i dag vert dei kanaliserte direkte til og frå staten. Vidare vert det i Ot.prp. nr. 48 (2000-2001) føreslått lovfesta at staten garanterer for selskapet. Det er difor tilstrekkeleg at forvaltarselskapet får ein aksjekapital på 10 mill. kroner
I Ot.prp. nr. 48 (2000-2001) vert det også føreslått at selskapet ikkje får høve til å ta opp lån utan samtykke frå Stortinget. I nokre tilhøve kan forvaltarselskapet mellombels få likviditetsbehov ut over midlane som vert løyvde av Stortinget. Finansiell eksponering kan oppstå som følgje av finansiering av investeringar knytta til drifta eller eventuell ubalanse med omsyn til dei likvide midlane knytta til drifta av selskapet. For å unngå likviditetsproblem bør forvaltarselskapet få ei låneramme på 10 mill. kroner, slik at det får høve til å skaffa seg ein kassakreditt.
2.1.2 Plan for etablering
Forvaltarselskapet vert etablert etter at Stortinget har gjort vedtak om etablering. Dette vil vera før delprivatiseringa av Statoil. Under føresetnad om vedtak av St.prp. nr. 36 (2000-2001) innan april og at Statoil vert delprivatisert innan juni 2001, er det lagt opp til at forvaltarselskapet skal stå ansvarleg for forvaltinga av SDØE-porteføljen frå 1. juni 2001. Innan 1. juni må det då vera valt eit styre og ein administrerande direktør må vera tilsett. Forvaltarselskapet skal vera i normal drift frå 1. januar 2002 og vil i perioden frå 1. juni til 31. desember 2001 vera under oppbygging. Styret og administrerande direktør vil vera ansvarleg for å rekruttera personell slik at selskapet kan vera i normal drift frå 1. januar 2002. Forvaltarselskapet er venta å ha om lag 20 tilsette ved utgangen av 2001.
I oppbyggingsperioden vert det føresett at forvaltarselskapet inngår ein avtale med Statoil om overgangsordningar. Ein slik avtale vil kunne sikra kontinuitet i forvaltinga av SDØE-eigardelane og at sentrale oppgåver for forvaltarselskapet vert utført. Det vert lagt til grunn at Statoil får økonomisk vederlag for desse tenestene. Overgangsordningane vert fasa gradvis ut i takt med tilsetjing av personell og oppbygging av forvaltarselskapet.
I dei første månadane etter etablering vil selskapet bestå av styret, administrerande direktør og eventuelt andre nøkkelpersonar. Dette krev at verksemda til forvaltarselskapet i stor grad vert driven av innleigd personell, men der styret og administrerande direktør har ansvaret for drifta. Selskapet baserer verksemda på overgangsordningane med Statoil og innleige av konsulentar. Det kan vera aktuelt for selskapet å leiga konsulentar til mellom anna rekruttering av personell, teknisk oppfølging og rådgjeving og økonomisk rådgjeving. Det er usikkert kor stort behovet for innleige av personell og konsulentar vil vera.
2.1.3 Budsjettkonsekvensar for 2001
Forvaltarselskapet må i 2001 dekkja utgifter til innleige av konsulentar og utgifter knytta til avtale med Statoil. I tillegg kjem utgifter knytta til personell som vert tilsett i forvaltarselskapet i løpet av hausten 2001. Vidare må forvaltarselskapet skaffa seg kontorlokale. Det vil mellom anna innebera kostnader å tilpassa kontorlokalet til forvaltarselskapet sitt behov.
Det er knytta uvisse til kor stort budsjett forvaltarselskapet har behov for i 2001. Uvissa er først og fremst knytta til kor raskt forvaltarselskapet vert bygd opp og omfanget av tenester og konsulentoppdrag selskapet har behov for å kjøpa.
På bakgrunn av førebels vurderingar og føresetnader er utgiftene til forvaltarselskapet estimert til 50 mill. kroner for 2001. Inkludert i desse utgiftene er eige personell, innleige av konsulentar, kjøp av tenester, overgangsordningar som vert kjøpt av Statoil og diverse etableringskostnader.
Regjeringa tilrår at det for 2001 vert løyvt 50 mill. kroner til etablering og drift av forvaltarselskapet for SDØE. Vidare ber ein om ei løyving på 10 mill. kroner som skal tilførast forvaltarselskapet som eigenkapital.
I tillegg tilrår regjeringa at forvaltarselskapet får ei låneramme på 10 mill. kroner, jf. Forslag til vedtak II.
2.2 Oppretting av det nye selskapet for transport av naturgass
I St.prp. nr. 36 (2000-2001) vart det mellom anna gjort greie for bakgrunnen for å etablera eit nytt transportselskap for naturgass.
Regjeringa tilrår at staten etablerer selskapet som eit aksjeselskap, som i utgangspunktet er eigd 100 prosent av staten.
2.2.1 Formålet til transportselskapet
Selskapet skal ha som føremål sjølv, eller gjennom deltaking i eller saman med andre selskap, å operera transportsystemet for gass gjennom røyrleidningar på og frå norsk kontinentalsokkel, samt anna verksemd som er knytta til dette. Selskapet skal ikkje engasjera seg i vidareforedling av naturgass eller anna industriell verksemd som går ut over dei behova som er knytta til sjølve transportfunksjonen. Ansvaret for slik verksemd skal som før liggja hos oljeselskapa og andre kommersielle aktørar.
Skipinga av selskapet vil ikkje innebera endringar i eigarskapa til røyrleidningar eller behandlingsanlegg. Tariffar for bruk av infrastrukturen vert heller ikkje påverka.
2.2.2 Selskapet si verksemd
Det nye selskapet skal overta ansvaret for oppgåver frå noverande operatørar, i samsvar med omtalen i St.prp. nr 36 (2000-2001). Alle delar av gassinfrastrukturen der det er innbyrdes sambinding mellom den einskilde røyrleidning eller transporttilknytta behandlingsanlegg og resten av infrastrukturen, vil i utgangspunktet vera omfatta av selskapet si verksemd. På same måten vil røyrleidningar eller transportrelaterte behandlingsanlegg vera inkludert under selskapet sitt ansvarsområde der det er, eller vil vera mogleg for, fleire felt som brukarar.
2.2.3 Oppstart av selskapet
I utgangspunktet har dei einskilde interessentskapa eigarskapet til alle eigardelar og fasilitetar som det nye selskapet treng for å utøva verksemda si. Selskapet vil ikkje eiga andre fasilitetar enn dei som er nødvendige for å kunne utføra funksjonane sine.
Det nye selskapet kan trenga fasilitetar på eiga hand, som Statoil i dag gjer tilgjengelege for dei relevante organisasjonseiningane. Dette gjeld for eksempel informasjonsteknologitenester. Slike fasilitetar må det nye selskapet etablera sjølv.
Selskapet vil ha behov for om lag 150 årsverk for å ivareta dei tiltenkte funksjonane. Dette vert no utført av personar som er tilsette i Statoil. Desse personane får difor tilbod om tilsvarande arbeid i det nye selskapet. Overføring av personell vil skje i samsvar med arbeidsmiljølova sine vilkår.
Dei fleste anlegg og terminalar som vert omfatta av transportselskapet si verksemd, jf. St.prp. nr. 36 (2000-2001) tabell 9.1 på s. 77, er organisert som interessentskap. Interessentskapa er regulert i eigne eigaravtalar. Transportselskapet skal gå inn i operatørrolla i desse eigaravtalane.
2.2.4 Kapitalbehov og finansiering
Driftskapital
Det er teke utgangspunkt i at operatørselskapet, på vegne av alle transportsystema for gass og tilhøyrande terminalar, får dekt utgiftene sine gjennom kontantinnkallingar, «cash calls», frå eigarane i dei einskilde interessentskapa. Operatørselskapet kallar inn midlar frå eigarane i dei einskilde interessentskapa til å dekkja dei totale utgiftene pr. månad. Det er venta at driftskostnadene vil vera stabile frå månad til månad. Ved over- eller underinnkallingar vert eigarane godskrive eller belasta renter. Inn- og utbetalingar knytta til tariffinntekter (skipar og eigar) vert gjort opp på same dato og får følgjeleg ikkje kontanteffekt.
Selskapet vil ha behov for kassakreditt. Kassakreditten vil kunne nyttast mellom anna ved for lite innkalla midlar. Det vil vera opp til selskapet sjølv å sørgja for ein høveleg kassakreditt.
Kostnadsallokering
Hovudprinsippet for kostnadsallokering er, i samsvar med deltakaravtalane i interessentskapa, at kostnader så sant det er mogleg skal allokerast direkte mot det einskilde interessentskapet. Dette vil vera hovudprinsippet også etter at transportselskapet er oppretta.
Ved arbeid direkte mot eit spesifikt interessentskap vert vedkomande interessentskap belasta kostnadane. I tillegg må indirekte kostnader fordelast etter same nøkkel som dei direkte kostnadane.
Indirekte kostnader vil vera kostnader som det ikkje er naturleg å belasta spesifikke interessentskap. Det er venta at fasilitetsleige for bygningar og utstyr vert rekna ut frå gjeldande metode; kapitalelement og driftskostnadselement.
Eigenkapitalbehov
Transportselskapet vil få sine driftsmidlar frå interessentskapa. Selskapet vil likevel trenga noko kapital, og det vil vera naturleg at det er i form av aksjekapital og ikkje lån frå klientane.
Som operatør, vil selskapet ha behov for å investera i driftsmidlar - eventuelt leiga desse - og vil ha behov for arbeidskapital for å ivareta driftsoppgåvene relatert til transportsystema. Behovet for investeringar i driftsmidlar er venta å vera lite.
Tenestene utført av selskapet skal vera kostnadsbaserte, det vil seia at samtlege kostnader er venta utfakturert til interessentskapa utan at det vert rekna forteneste. Dette er avtalt i eigaravtalane i dei einskilde interessentskapa.
Sett i lys av selskapet si omsetjing, oppgåver og ansvar er det lagt til grunn at selskapet har eit eigenkapitalbehov på 10 mill. kroner.
2.2.5 Budsjettkonsekvensar for 2001
Regjeringa tilrår at det for 2001 vert løyvt 10 mill. kroner til etablering av transportselskapet for naturgass og at beløpet vert skote inn som eigenkapital i selskapet.