3 Aksjesal og børsnotering av Statoil
Regjeringa tilrår i St.prp. nr. 36 (2000-2001) at det vert teke inn nye eigarar i Statoil som tilsvarar 10-25 prosent av selskapet sin verdi. Det er tilrådd at dette skal skje ved utferding av nye aksjar i Statoil, i kombinasjon med sal av delar av staten sine aksjar, retta mot norske og internasjonale kapitalmarknader.
Med atterhald om Stortinget si godkjenning har Olje- og energidepartementet og Statoil med hjelp frå hovudtilretteleggjarar og rådgjevarar starta førebuingane for eit mogleg aksjesal i og børsintroduksjon av Statoil i juni 2001. Det er ein føresetnad at det nye forvaltarselskapet for SDØE og det nye transportselskapet for naturgass er oppretta før aksjesalet og børsintroduksjonen. Ein føreset og at sal av SDØE-eigardelar til Statoil skjer før børsintroduksjonen.
I St.prp. nr. 36 (2000-2001) kapittel 10.2 vart det kort informert om den vidare prosessen knytta til aksjesal i og børsintroduksjon av Statoil. Eit av spørsmåla som regjeringa ville vurdera nærare var eventuelt bruk av særskilte tiltak i samband med sal av aksjar i selskapet. Regjeringa viser til Innst.S. nr. 198 (2000-2001) frå energi- og miljøkomiteen og vil på bakgrunn av den leggja fram regjeringa si vurdering av bruk av tiltak for å stimulera småinvestorar til kjøp av aksjar i Statoil.
Det er enno ikkje mogleg å seia eksakt kor store utgifter og inntekter aksjesal i Statoil kan innebera. Dette skuldast mellom anna at det ikkje er teke endeleg stilling til omfanget på sal av SDØE-eigardelar til Statoil og kor stor del av selskapet som skal seljast i første fase. Fleire faktorar er dessutan usikre fram mot tidspunktet for transaksjonen, mellom anna verdien av selskapet. Regjeringa vil i denne proposisjonen informera om førebels vurderingar knytta til utgiftene for transaksjonen, herunder fordeling mellom staten og Statoil, og be om fullmakt til å utgiftsføra utgiftene utover løyving og inntektsføra inntektene utan løyving knytta til aksjesalet i Statoil.
3.1 Tiltak for å stimulera småinvestorar
Olje- og energidepartementet og Statoil har med hjelp frå hovudtilretteleggjarane og eigne rådgjevarar vurdert argument for og imot stimuleringstiltak, sett på ulike stimuleringstiltak, samt sett på erfaringar frå andre transaksjonar i Noreg og internasjonalt og vurdert dette i høve til det føreståande aksjesalet i Statoil.
Det er viktig å få ein god aksjonærstruktur i Statoil med ulike investorgrupper, også småinvestorar. Etterspørsel frå småinvestorar i heimemarknaden kan vera ein viktig indikator for institusjonelle investorar både heime og internasjonalt i vurderinga av attraktiviteten av transaksjonen og kor mykje dei vil teikna for.
Dei viktigaste argumenta for stimuleringstiltak overfor småinvestorar er ønskje om å oppnå auka etterspørsel, auka betalingsvilje frå andre investorar og dermed høgare pris for aksjane, sikra ei brei aksjonærbase i selskapet og vera med å sikra langsiktig nasjonalt forankra eigarskap.
Utgiftene knytta til stimuleringstiltaka må vurderast i høve til potensielt auka proveny frå salet. Prosentvis skal det ein liten prisauke til for å dekkja inn utgifter knytta til stimuleringstiltak overfor privatpersonar, og dermed auka staten sine inntekter frå aksjesalet. Det er likevel viktig å understreka at det alltid er knytta uvisse til verknadane av stimuleringstiltak. Sidan aksjekjøparar ikkje utgjer noko gjennomsnitt av befolkninga, går den direkte fordelen av desse stimuleringstiltaka og til ei gruppe som jamt over har god økonomi frå før.
Ved dei aller fleste privatiseringar av statlege selskap, har det vore brukt tiltak for å stimulera småinvestorar si interesse for å kjøpa aksjar. Det har vore vanleg å gi småspararar preferanse ved sjølve aksjetildelinga. Av økonomiske insentiv er rabatt det mest brukte stimuleringstiltaket, men bonusaksjar har og vore mykje brukt, anten åleine eller i kombinasjon med rabatt.
Det har ikkje vore tilbode stimulansar i samband med privatiseringar i Noreg (sett vekk frå preferanse ved tildeling) før delprivatiseringa av Telenor. I samband med emisjonen i Telenor vart småinvestorar tilbode 2 kroner i kontantrabatt og ein bonusaksje for kvar 10. aksje, under gitte vilkår. Det var om lag 54 000 som teikna aksjar i Telenor, av dette om lag 53 000 privatpersonar inkludert tilsette. Sjølv om Telenor og Statoil opererer i to svært ulike bransjar med ulike marknadsmessige og konkurransemessige forhold, er det grunn til å tru at teikninga i Telenor vert brukt som ein målevariabel i høve til delprivatiseringa av Statoil.
I tillegg til preferanse ved tildeling tilrår hovudtilretteleggjarane, departementet sine rådgjevarar og Statoil at det ved aksjesalet i Statoil og vert nytta økonomiske stimuleringstiltak overfor småinvestorar i form av kontantrabatt og bonusaksjar, om lag på line med salet i Telenor. Dette som eit viktig ledd i å oppnå tilfredsstillande etterspørsel etter og dermed god pris for Statoil-aksjane.
Vilkåra for småinvestorar vil også gjelda dei tilsette i Statoil. Kostnader knytta til eventuelle tiltak eller ordningar utover dette vil selskapet måtte bera, i tråd med vanleg praksis.
EØS-reglane inneber at ein ikkje kan gi preferansar eller tilby rabattar eller bonusaksjar berre til norske statsborgarar eller personar busette i Noreg.
I tråd med råd frå hovudtilretteleggjarane og departementet sine rådgjevarar, samt tilråding frå Statoil, tilrår regjeringa at ein legg opp til bruk av stimuleringstiltak i samband med aksjesal i og børsintroduksjon av Statoil. Småinvestorar bør få preferanse ved tildeling og tilbod om kontantrabatt og bonusaksjar under gitte vilkår, om lag på line med aksjesalet i Telenor.
Regjeringa viser til Innst.S. nr. 198 (2000-2001) frå energi- og miljøkomiteen og avsnittet om sal av aksjar til småspararar. Fleirtalet i komiteen understrekar at det er viktig med norske private aksjonærar i Statoil. For å stimulera småspararar til å kjøpa aksjar i Statoil, meiner fleirtalet i komiteen at det er nødvendig med særskilte tiltak, og vil be departementet om å leggja til rette for det.
Regjeringa ber om fullmakt til å bruka stimuleringstiltak overfor småinvestorar i samband med aksjesalet i Statoil, jf. Forslag til vedtak III.
3.2 Fordeling av utgifter og inntekter mellom staten og Statoil
Aksjesal i og børsintroduksjon av Statoil vil innebera vesentlege utgifter både for staten og Statoil. Enkelte utgifter vil staten dekkja åleine, mellom anna utgifter til Olje- og energidepartementet sine eigne norske og internasjonale rådgjevarar. Enkelte utgifter vil Statoil dekkja åleine. Dette gjeld mellom anna utgifter til interne førebuingar, selskapet sine rådgjevarar og andre utgifter som det er naturleg at selskapet dekkjer i tilknytning til transaksjonen. I tillegg vil det vera utgifter som skal delast mellom staten og Statoil. Dette gjeld i hovudsak utgifter til provisjon til tilretteleggjarane og andre utgifter knytta til transaksjonen (mellom anna relatert til marknadsføring av aksjesalet, trykking og distribusjon av brosjyrer og prospekt osv).
Regjeringa har tilrådd at den statlege eigardelen i Statoil skal reduserast ved ein kombinasjon av emisjon og sal av delar av staten sine aksjar. Utgifter til provisjon til tilretteleggjarane vil ved ei slik løysing verta delt proratarisk mellom staten og Statoil, i forhold til kor stor del av transaksjonen som vert gjennomført ved emisjon og kor stor del som vert gjennomført ved nedsal, på same måten som delinga av inntektene frå salet. Utgifter knytta til utferding av nye aksjar (emisjon) vert dekt av Statoil og utgifter knytta til statleg sal av aksjar vil staten dekkja. I tillegg vil ein dela andre utgifter knytta til transaksjonen, som mellom anna gjeld utgifter til marknadsføring, trykking og distribusjon.
Kva for utgifter staten og Statoil sjølv skal dekkja og kva for utgifter som skal delast mellom staten og Statoil, er regulert i ein eigen avtale mellom staten ved Olje- og energidepartementet og Statoil. Den endelege fordelinga av utgiftene, og staten sin del av utgiftene, vil først vera klarlagt etter at transaksjonen er gjennomført.
3.3 Utgifter til tilretteleggjarar
Olje- og energidepartementet og Statoil har valt DnB Markets, Morgan Stanley Dean Witter og UBS Warburg som hovudtilretteleggjarar for aksjesal og børsnotering av Statoil. Det er avtalt ein samla provisjon til syndikatet som skal selja aksjar i Statoil på 1,25 prosent med tillegg av ei mogleg stimulansebasert godtgjering på 0,25 prosent. Samla provisjon til syndikatet kan dermed utgjera inntil 1,50 prosent av verdien av salet (provenyet). Ein provisjonssats på 1,50 prosent kan med ulike rekneføresetnader innebera provisjon i storleiken mellom 300 og 800 mill. kroner. Provenyet og dermed også provisjonen vil vera avhengig av kor stor del av selskapet som vert selt i første fase og verdien av selskapet på tidspunktet for transaksjonen.
Provisjonen vil verta utbetalt etter at transaksjonen er gjennomført, vanlegvis om lag ein månad etter gjennomføringa. Utgiftene til provisjon vert ved ein kombinasjon av emisjon og nedsal delt mellom staten og Statoil i forhold til kor stor del av transaksjonen som skjer ved emisjon og kor stor del som er nedsal, på same måten som fordelinga av provenyet frå salet. Dersom det ikkje vert gjennomført eit aksjesal i Statoil, vil det ikkje verta utbetalt provisjon til tilretteleggjarane som har vore med på førebuingane.
3.4 Utgifter til marknadsføring, trykking og distribusjon m.m.
Aksjesal og børsnotering vil i tillegg til provisjon innebera utgifter til marknadsføring (rådgjeving, informasjons- og reklamemateriale og bruk av ulike media), trykking og distribusjon av brosjyrer og prospekt, presentasjonar osv. Desse utgiftene er av hovudtilretteleggjarane førebels estimert til om lag 200 mill. kroner.
Hovuddelen av desse utgiftene vil vera faste så snart ein har gjort vedtak om opplegg for marknadsføring, distribusjon, korleis aksjar kan seljast og kjøpast og ein har inngått avtalar med nødvendige rådgjevarar og konsulentar og tatt avgjerd om kven som bør få tilsendt brosjyrer, prospekt og teikningsmateriale. Det vert sendt ut informasjon til alle husstandar i Noreg.
Ein del utgifter, mellom anna knytta til teikning og registrering av aksjar, vil vera avhengig av kor mange som teiknar aksjar i selskapet.
Kva utgifter som skal delast mellom staten og Statoil og korleis dette skal gjerast, er regulert i ein eigen avtale mellom staten ved Olje- og energidepartementet og Statoil, som nemnt ovanfor.
3.5 Budsjettkonsekvensar for 2001
Det er ikkje teke endeleg stilling til kor stor del av selskapet som skal seljast i første fase, eller kva SDØE-eigardelar som skal seljast til Statoil og oppgjersform. Det er heller ikkje klart kor stor del av transaksjonen som skal skje ved emisjon og eventuelt kor mykje som skal skje ved nedsal. Det er dessutan uvisst kva verdien av selskapet vil vera på tidspunktet for aksjesalet. Difor er det ikkje mogleg no å gi eit estimat på utgiftene og inntektene knytta til aksjesalet i og børsnoteringa av Statoil og staten sin del av desse utgiftene.
Regjeringa ser utgiftene i samanheng med inntektene av aksjesalet, og vil føreslå at utgiftene ikkje vert dekte inn ved reduksjonar på andre område i budsjettet. Fordi det er stor uvisse om inntektene og utgiftene, vert det ikkje lagt fram forslag om løyvingar. Det vert i staden føreslått at Olje- og energidepartementet får fullmakt til å utgiftsføra utgiftene knytta til aksjesalet i Statoil utover løyvinga for 2001 under kap. 1801 Omstrukturering av staten sitt petroleumsengasjement, post 21 Spesielle Driftsutgifter, jf. Forslag til vedtak IV. Det vert i tillegg føreslått at Olje- og energidepartementet får fullmakt til å inntektsføra inntektene knytta til sal av aksjar i Statoil under nytt kap. 4811 Statoil ASA, post 90 Sal av aksjar, jf. Forslag til vedtak V. Som følgje av tilrådinga om aksjesal i og børsnotering av Statoil er det føreslått at selskapet vert omdanna til allmennaksjeselskap og at namnet på selskapet vert endra frå Den norske stats oljeselskap a.s til Statoil ASA. Ein tilrår difor no å oppretta eit nytt kapittel med det nye namnet på selskapet som nemning.
Stortinget vil verta orientert om utgiftene og inntektene knytta til aksjesalet når desse er nærare avklara i etterkant av transaksjonen.