5 Oppsummering
Regjeringa ber om ei løyving for 2001 på 50 mill. kroner til etablering og drift av forvaltarselskapet for SDØE og ei løyving på 10 mill. kroner som skal verta tilført som eigenkapital i selskapet. I tillegg ber regjeringa om at forvaltarselskapet får ei låneramme på 10 mill. kroner, jf. Forslag til vedtak II.
Vidare ber regjeringa om ei løyving for 2001 på 10 mill. kroner til etablering av transportselskapet for naturgass. Midlane skal verta tilført selskapet som eigenkapital.
Regjeringa ber om fullmakt til å leggja opp til bruk av stimuleringstiltak i samband med aksjesal i og børsintroduksjon av Statoil, jf. Forslag til vedtak III. Regjeringa ber dessutan om fullmakt til å utover løyvinga for 2001 å utgiftsføra utgifter knytta til aksjesalet i Statoil, jf. Forslag til vedtak IV. I tillegg ber regjeringa om fullmakt til å inntektsføra utan løyving inntektene frå sal av aksjar i Statoil, jf. Forslag til vedtak V.
I samband med overdraging av eigardelar mellom staten og Statoil ber regjeringa om fullmakt til å inntektsføra inntekter og utgiftsføra utgifter utan løyving knytta til vederlag, jf. Forslag til vedtak VI. Regjeringa ber dessutan om fullmakt til å gi Statoil eit ansvarleg lån i samband med overdraging av eigardelar mellom staten og Statoil og fullmakt til utan løyving å utgiftsføra lånet, samt inntektsføra renter på lånet og føra tilbakebetaling av lånet, jf. Forslag til vedtak VII. Regjeringa legg opp til at inntekter frå sal av SDØE-eigardelar og inntekter frå statleg sal av aksjar i Statoil vert inntektsført Statens petroleumsfond. Sistnemnte krev ei endring i Lov om Statens petroleumsfond.
Stortinget vert informert om inntektene og utgiftene når desse er nærare avklara i etterkant av transaksjonane.