St.prp. nr. 68 (2000-2001)

Budsjettkonsekvensar for 2001 knytta til gjennomføring av tilrådde tiltak i St.prp. nr. 36 (2000-2001) Eierskap i Statoil og fremtidig forvaltning av SDØE

Til innhaldsliste

Forslag til vedtak om Budsjettkonsekvensar for 2001 knytta til gjennomføring av tilrådde tiltak i St.prp. nr. 36 (2000-2001) Eierskap i Statoil og fremtidig forvaltning av SDØE

I

I statsbudsjettet for 2001 blir det gjort følgjande endringar:

Utgifter:

Kap.PostFormålKroner
2443 (nytt)Forvaltarselskap for SDØE
70Administrasjon50 000 000
90Aksjekapital10 000 000
2444 (nytt)Transportselskap for naturgass
90Aksjekapital10 000 000

II

Stortinget samtykkjer i at det nye forvaltarselskapet for SDØE sjølv kan ta opp lån innanfor ei låneramme på 10 mill. kroner.

III

Stortinget samtykkjer i at Olje- og energidepartementet kan leggja opp til bruk av stimuleringstiltak overfor småinvestorar i samband med aksjesal i og børsintroduksjon av Statoil.

IV

Stortinget samtykkjer i at løyvinga under kap. 1801 Omstrukturering av staten sitt petroleumsengasjement, post 21 Spesielle driftsutgifter, kan overskridast med utgifter i samband med aksjesalet i Statoil.

V

Stortinget samtykkjer i at Olje- og energidepartementet kan inntektsføra utan løyving inntektene frå sal av aksjar i Statoil under nytt kap. 4811 Statoil ASA, post 90 Sal av aksjar.

VI

Stortinget samtykkjer i at Olje- og energidepartementet kan inntektsføra og utgiftsføra utan løyving vederlag i samband med overdraging av eigardelar mellom staten og Statoil under:

  • kap. 2440 Statens direkte økonomiske engasjement i petroleumsvirksomheten, ny post 31 Kjøp av eigardelar

  • kap. 5440 Statens direkte økonomiske engasjement i petroleumsvirksomheten, ny post 31 Sal av SDØE-eigardelar

VII

Stortinget samtykkjer i at Olje- og energidepartementet kan gi Statoil eit ansvarleg lån i samband med overdraging av eigardelar mellom staten og Statoil. Det ansvarlege lånet vert avgrensa opp til vederlag for overdraging av eigardelar etter motrekning i mottekne deltakardelar. Lånet vert utgiftsført utan løyving over nytt kap. 1811 Statoil ASA, post 90 Ansvarleg lån, og vert tilbakebetalt over nytt kap. 4811 Statoil ASA, post 91 Avdrag, ansvarleg lån. Rentene vert inntektsført utan løyving under kap. 5685 Aksjer i Statoil ASA, ny post 81 Renter, ansvarleg lån.