3 Avgjerda i EØS-komiteen
Etter avgjerd i EØS-komiteen nr. 9/2003 av 31. januar 2003 skal direktiv 2001/95/EF om alminneleg produkttryggleik innlemmast i kapittel XIX om generelle føresegner på området for tekniske handelshindringar i vedlegg II til EØS-avtala. Avgjerda inneheld ei innleiing og fire artiklar. I innleiinga vert det vist til EØS-avtala og spesielt til artikkel 98, som gjer det mogleg å endre vedlegga til avtala gjennom avgjerd i EØS-komiteen.
Artikkel 1 slår fast at kapittel XIX i vedlegg II til EØS-avtala vert endra ved:
at direktiv 2001/95/EF om alminneleg produkttryggleik vert innlemma i vedlegg II til EØS-avtala som nytt nr. 3h.
at nr. 3a rådsdirektiv 92/59/EØF vert oppheva med verknad frå 15. januar 2004.
Artikkel 2 slår fast at teksta til direktiv 2001/95/EF på islandsk og norsk, som vert kunngjord i EØS-tillegget til Tidend for Dei europeiske fellesskapa, skal vere gyldig.
Artikkel 3 slår fast at avgjerda tek til å gjelde 1. februar 2003 på det vilkåret at EØS-komiteen har motteke alle meldingar etter artikkel 103 nr. 1 i EØS-avtala.
Artikkel 4 slår fast at avgjerda skal kunngjerast i EØS-avdelinga av og EØS-tillegget til Tidend for Dei europeiske fellesskapa.