4 Tilhøvet til norsk rett
Krava i direktivet skal gjennomførast i norsk lovgjeving ved endringar i lov av 11. juni 1976 nr. 79 om kontroll med produkter og forbrukertjenester (produktkontrollova). Direktivet stiller i nokre tilfelle meir spesifiserte krav til produkttryggleiken enn produktkontrollova. Dette gjeld særleg:
Føresegna om at produkt som er i samsvar med harmoniserte standardar, skal reknast for å oppfylle krava til tryggleik i direktivet.
Spesifiserte krav til næringslivet, mellom anna ei aktiv informasjonsplikt overfor brukarar av produkt, kva som skal rapporterast til styresmaktene og forvaring av opplysningar for sporing av produkt.
Lågare terskel for når styresmaktene kan gripe inn med regulerande tiltak overfor marknaden.
Barne- og familiedepartementet vil fremje ein eigen odelstingsproposisjon for Stortinget med framlegg til naudsynte lovendringar. Fristen for å gjennomføre krava i direktivet i norsk rett er 15. januar 2004.