Tilråing
Utanriksdepartementet
tilrår:
At Dykkar Majestet godkjenner og skriv under eit framlagt forslag til proposisjon til Stortinget om samtykke til godkjenning av avgjerd i EØS-komiteen nr. 9/2003 av 31. januar 2003 om endring av vedlegg II til EØS-avtala ved innlemming av europaparlaments- og rådsdirektiv 2001/95/EF om alminneleg produkttryggleik.
Vi HARALD, Noregs Konge,
stadfester:
Stortinget blir bedt om å gjere vedtak om samtykke til godkjenning av avgjerd i EØS-komiteen nr. 9/2003 av 31. januar 2003 om endring av vedlegg II til EØS-avtala ved innlemming av europaparlaments- og rådsdirektiv 2001/95/EF om alminneleg produkttryggleik, i samsvar med eit vedlagt forslag.