5 Økonomiske og administrative konsekvensar
Direktivet vil føre med seg større krav til marknadsovervaking og -kontroll, både for det offentlege tilsynsapparatet, for distributørar og for produsentar.
Tilsynet med produkt og forbrukartenester er delt. Direktoratet for brann- og eltryggleik (DBE) er ansvarleg for tilsyn med forbrukartenester og med dei fysiske, mekaniske, termiske og brannmessige eigenskapane til produkta. Statens forureiningstilsyn (SFT) fører tilsyn med dei kjemiske, støyande og dei andre miljømessige eigenskapane til produkta. I praksis vil hovudtyngda av oppfølginga av krava falle inn under ansvarsområdet til DBE. DBE har eit generelt ansvar for RAPEX-meldingane. Vidare er DBE representert i fleire av dei komitéane som Kommisjonen har oppnemnt som følgje av direktivet. Barne- og familiedepartementet og Miljøverndepartementet er fagleg ansvarleg for høvesvis DBE og SFT. Oppfølging av krava etter direktivet vil kunne føre til litt større økonomiske og administrative konsekvensar for DBE. Dette vil i alle tilfelle verte dekt innanfor gjeldande budsjettrammer.
Krava til distributørar om plikt til å ta vare på dokument for sporing av produkt vil kunne føre med seg litt meir administrasjon og større utgifter for desse. Det er likevel grunn til å tru at ein stor del av distributørane som kjem inn under reglane i produktkontrollova, òg vil vere rekneskapspliktige etter rekneskapslova. Det vil vere til dels samanfall mellom dei opplysingane som skal forvarast i medhald av desse lovene, og med like reglar vert det i stor grad mogleg å unngå endringar i dei rutinane som distributørane alt har innarbeidd.
Krav til produsentar og importørar om ei aktiv informasjonsplikt overfor brukarane vil kunne føre til auka utgifter for desse.