St.prp. nr. 69 (2008-2009)

Om samtykke til deltakelse i en beslutning i EØS-komiteen om innlemmelse i EØS-avtalen av europaparlaments- og rådsbeslutning 1098/2008/EF om det europeiske året for bekjempelse av fattigdom og sosial eksklusjon (2010)

Til innholdsfortegnelse

1 Om endring av protokoll 31 til EØS-avtala om samarbeid på særlege område utanfor dei fire fridommane

EØS-KOMITEEN HAR -

med tilvising til avtala om Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, endra ved protokollen om justering av avtala om Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, heretter kalla «avtala», særleg artikkel 86 og 98, og

på følgjande bakgrunn:

  1. Protokoll 31 til avtala vart endra ved avgjerd i EØS-komiteen nr. [...] av [...] 1.

  2. Samarbeidet mellom avtalepartane bør utvidast til å omfatte europaparlaments- og rådsavgjerd nr. 1098/2008/EF av 22. oktober 2008 om Det europeiske året for motkjemping av fattigdom og sosial utstøyting (2010) 2.

  3. Protokoll 31 til avtala bør difor endrast for å gjere eit slikt utvida sama r beid mogleg frå 1. januar 2009 -

TEKE DENNE AVGJERDA:

Artikkel 1

I protokoll 31 til avtala artikkel 5 vert det gjort følgjande endringar:

  1. Nummer 5 skal lyde:

«5. EFTA-statene skal delta i fellesskapsprogrammene og -tiltakene nevnt i de to første strekpunktene i nr. 8 fra 1. januar 1996, i programmet nevnt i tredje strekpunkt fra 1. januar 2000, i programmet nevnt i fjerde strekpunkt fra 1. januar 2001, i programmene nevnt i femte og sjette strekpunkt fra 1. januar 2002, i programmene nevnt i sjuende og åttende strekpunkt fra 1. januar 2004, i programmene nevnt i niende, tiende og ellevte strekpunkt fra 1. januar 2007 og i programmet nevnt i tolvte strekpunkt fra 1. januar 2009.»

  1. I nr. 8 skal nytt strekpunkt lyde:

«- 32008 D 1098: Europaparlaments- og rådsavgjerd nr. 1098/2008/EF av 22. oktober 2008 om Det europeiske året for motkjemping av fattigdom og sosial utstøyting (2010) (EUT L298 av 7.11.1008, s.20).»

Artikkel 2

Denne avgjerda tek til å gjelde dagen etter at EØS-komiteen har motteke alle me l dingar etter artikkel 103 nr. 1 i avtala 3.

Avgjerda skal nyttast frå 1. januar 2009.

Artikkel 3

Denne avgjerda skal kunngjerast i EØS-avdelinga av og EØS-tillegget til Tidend for Den europeiske unionen.

Utferda i Brussel, [...].

For EØS-komiteen

Formann

[...]

Sekretærar for EØS-komiteen

Fotnoter

1.

TEU ...

2.

TEU L 298 av 7.11.1008, s. 20.

3.

[Ingen forfatningsrettslege krav oppgjevne.][Forfatningsrettslege krav oppgjevne.]

Til forsiden