1 Innleiing
Stortinget behandla i 2001 eit opplegg for finansiering av T-forbindelsen, jf. St.prp. nr. 72 (1999-2000) og Innst. S. nr. 120 (2000-2001). Opplegget omfattar delvis bompengefinansiering gjennom forskots- og parallellinnkrevjing i ferjesambandet E39 Mortavika – Arsvågen og etterskotsinnkrevjing på det nye vegsambandet. Det er lagt til grunn at Samferdselsdepartementet skal komme tilbake til Stortinget med forslag til anleggsstart og oppdaterte kostnadsoverslag, trafikkprognosar, økonomisk status og opplegg for bompengeinnkrevjing. I denne proposisjonen blir det lagt fram eit revidert finansieringsopplegg basert på m.a. oppdaterte kostnadsoverslag og trafikkprognosar. I tillegg til bompengar omfattar finansieringsplanen statlege midlar og lokale tilskot.