St.prp. nr. 70 (2007-2008)

Om utbygging og finansiering av T-forbindelsen – nytt vegsamband mellom Karmøy, Haugesund og Tysvær kommunar i Rogaland

Til innhaldsliste

5 Finansieringsopplegg

Finansieringa omfattar følgjande element:

  • Bompengar

  • Statlege midlar

  • Lokale tilskot

Bompengar

Forskotsinnkrevjinga i ferjesambandet starta opp 1. april 2001. Bompengepåslaget tilsvarar skilnaden mellom takstsone 21 og takstsone 9, dvs. eit påslag på 12 takstsoner. For ein personbil er ordinær ferjetakst 85 kr. Med eit bompengepåslag på 58 kr blir summen å betale 143 kr. Trafikantane oppnår rabattar etter ordningane i riksregulativet for ferjetakstar. Det er lagt til grunn at innkrevjinga i ferjesambandet skal halde fram til prosjektet blir opna for trafikk. Det blir dermed forskots- og parallellinnkrevjing i om lag 11 ½ år. I St.prp. nr. 72 var det lagt til grunn slik innkrevjing i til saman 9 år. Det er rekna med at innkrevjinga i ferjesambandet vil gi eit finansieringsbidrag på 607 mill. kr. Ved årsskiftet 2007/2008 hadde bompengeselskapet om lag 320 mill. kr inneståande. Innkrevjingskostnader og kostnader ved drift av bompengeselskapet i perioden med forskots- og parallellinnkrevjing er stipulert til vel 2 mill. kr totalt.

Ved etterskotsinnkrevjinga på prosjektet blir bomstasjonen etablert på aust-vestsambandet ved Mjåsund, om lag 1 km vest for krysset med E39, dvs. som føresett i St.prp. nr. 72. Innkrevjinga vil skje i begge retningar. Det er lagt opp til å etablere ein automatisk bomstasjon med to takstgrupper: lette kjøretøy (kjøretøy med tillatt totalvekt til og med 3.500 kg) og tunge kjøretøy (kjøretøy med tillatt totalvekt over 3.500 kg). Det er føresett ein gjennomsnittstakst på 14,10 kr i 2006-prisnivå. Omrekna til 2008-prisnivå blir gjennomsnittstaksten 15,60 kr. Det er førebels rekna ut at taksten vil bli om lag 22 kr for lette kjøretøy og 44 kr for tunge kjøretøy. Det er ein føresetnad at takstane blir justerte i samsvar med prisutviklinga og det er lagt til grunn at takst- og rabattsystemet blir i tråd med gjeldande retningslinjer. Det er lagt til grunn etterskotsinnkrevjing i 15 år. Det er rekna med at etterskotsinnkrevjinga vil gi eit samla finansieringsbidrag på 285 mill. kr, fordelt med 210 mill. kr til å dekke delar av investeringskostnadene og 75 mill. kr til å dekke finansieringskostnader. I tillegg kjem om lag 45 mill. kr til å dekke innkrevjingskostnader og drift av bompengeselskapet. Finansieringskostnadene og innkrevjings- og driftskostnadene utgjer høvesvis 8 og 5 pst. av brutto bompengeinntekter på 939 mill. kr.

I St.prp. nr. 72 var finansieringsbidraget frå forskots- og parallellinnkrevjinga om lag 60 pst. (3/5) og frå etterskotsinnkrevjinga om lag 40 pst. (2/5). Med opplegget i denne proposisjonen er fordelinga endra til høvesvis om lag 75 pst. og 25 pst.

Statlege midlar

Ved behandlinga av handlingsprogrammet/planleggingsprogrammet for perioden 2006-2015 gjekk fylkestinget i møte 26. april 2005 inn for å setje av 370 mill. kr til T-forbindelsen. Desse midlane var fordelte med 214 mill. kr i første firårsperiode (2006-2009) og 156 mill. kr i siste seksårsperiode. Tala er rekna om til 2008-prisnivå. Gjennom behandlinga 22. april 2008 slutta fylkestinget seg til å auke dei statlege midlane til prosjektet til 444 mill. kr.

Karmøy kommune har forplikta seg til å forskottere 39 mill. kr. Innbetaling skal skje i 2011, med refusjon etter 2015. Forskotteringa skjer utan kompensasjon for renter og prisstigning.

Lokale tilskot

Karmøy kommune har også vedtatt å gå inn med tilskot til T-forbindelsen med 39 mill. kr i 2008-prisnivå. Det er føresett at tilskotet blir betalt i 2011.

Rogaland fylkeskommune og Karmøy kommune har vedtatt å gå inn med eit «garantibeløp» på inntil 150 mill. 2007-kr fordelt med 90 mill. kr på Rogaland fylkeskommune og 60 mill. kr på Karmøy kommune. Ved den lokale behandlinga blei det lagt til grunn at garantibeløpet skal stillast til disposisjon avslutningsvis ved gjennomføringa av prosjektet dersom behovet tilseier dette. Vidare blei det føresett at evt. reduserte prosjektkostnader og auka bompengeinntekter kjem som frådrag på garantibeløpet. Det er lagt til grunn at dei lokale tilskota skal justerast i tråd med den ordinære indeksen for veganlegg.

Etter Vegdirektoratet sitt syn må dette behandlast som eit tilskot som blir gjort om til eit forskot ved evt. kostnadsreduksjon og/eller auka inntening. Med dei føresetnadene som er lagt til grunn for finansieringsplanen, er dette nødvendig dersom perioden med etterskotsinnkrevjing ikkje skal overskride 15 år.

I finansieringsplanen har det ikkje vore nødvendig å nytte heile «garantibeløpet» frå Rogaland fylkeskommune og Karmøy kommune for å oppnå 15 år med etterskotsinnkrevjing. Inklusive «garantibeløpet» er det førebels lagt til grunn eit tilskot på til saman 84 mill kr frå fylkeskommunen og 95 mill. kr frå kommunen.

Forslag til finansieringsplan

Finansieringsplanen som er lagt til grunn er vist i tabell 5.1.

Tabell 5.1 Finansieringsplan

Mill. 2008-kr
Statlege midlar*405
Forskot frå Karmøy kommune*39
Bompengar – forskotsinnkrevjing på ferjesambandet607
Bompengar – etterskotsinnkrevjing på ­prosjektet210
Lokale tilskot – tilskot frå Karmøy ­kommune95
Lokale tilskot – tilskot frå Rogaland fylkeskommune84
Sum1 440

* Inkl refusjon av forskotteringa til Karmøy kommune etter 2015 utgjer statlege midlar 444 mill. kr.

Finansieringsplanen omfattar 31 pst. statlege midlar, 57 pst. bompengar og 12 pst. lokale tilskot.

Eventuell kostnadsauke og/eller redusert inntening

Eventuelle kostnadsoverskridingar skal dekkast i samsvar med gjeldande retningslinjer for bompengeprosjekt. Dette vil seie at ein kostnadsauke opp til kostnadsramma er føresett dekka med statlege midlar og bompengar etter partane sin del av finansieringa. Dei lokale tilskota er rekna med i bompengeselskapet sin del, men først skal heile tilskotet frå fylkeskommunen og Karmøy kommune nyttast. Følgjeleg skal bompengeselskapet/lokale styresmakter dekke 69 pst. og staten 31 pst. av ein kostnadsauke opp til kostnadsramma. Evt. overskridingar ut over kostnadsramma er føresett dekka innafor den fylkesfordelte investeringsramma til øvrige riksvegar i Rogaland.

Dersom økonomien i prosjektet blir dårlegare enn rekna med, vil bompengeselskapet etter avtale med Vegdirektoratet kunne auke takstane med inntil 20 pst. og forlenge innkrevjingsperioden med inntil 5 år.

Eventuell kostnadsreduksjon og/eller auka inntening

Ved ein eventuell kostnadsreduksjon og/eller auka inntening skal tilskotet frå Rogaland fylkeskommune og Karmøy kommune på inntil 150 mill. 2007-kr reduserast i tråd med fylkeskommunen og kommunen sine vedtak frå april 2008.

Andre føresetnader for finansieringsplanen

Styringsramma og trafikkgrunnlaget ved opninga av prosjektet framgår av kap. 4. For trafikkutviklinga i ferjesambandet er det lagt til grunn ein årleg trafikkvekst på 3 pst. fram til opninga av T-forbindelsen. Det er lagt til grunn at den årlege veksten etter opninga av prosjektet blir i tråd med prognosane som er utarbeidde for Rogaland i samband med arbeidet med Nasjonal transportplan 2006-2015. Desse utgjer i perioden 2006-2011 1,4 pst., i perioden 2012-2020 0,9 pst. og frå 2021 0,8 pst. Det er vidare lagt til grunn ein nedgang i trafikken gjennom bomstasjonen for T-forbindelsen på 8 pst. det året bompengeordninga for Haugalandspakka blir avvikla (2023 er lagt til grunn).

Følgjande basisføresetnader er elles lagt til grunn for finansieringsplanen:

  • Lånerente 6,5 pst.

  • Innskotsrente 2,5 pst.

  • Årleg prisstigning på 4,1 pst. frå 2007 til 2009, deretter 2,5 pst.

  • Gjennomsnittleg bompengetakst ved etterskotsinnkrevjinga: 15,60 kr.

  • Årlege innkrevjingskostnader ved etterskotsinnkrevjinga: 3,0 mill. kr.

Lånerente på 6,5 pst. føreset at det før anleggsstart ligg føre dokumentasjon frå ein låneinstitusjon om lån innafor denne renta i 10-15 år.

Med desse føresetnadene er perioden med etterskotsinnkrevjing rekna til 15 år.

Det er også rekna på alternativ med meir pessimistiske føresetnader. Ved ein kostnadsauke opp til kostnadsramma der delen til bompengeselskapet/lokale styresmakter er føresett dekt med bompengar, er det ikkje mogleg å nedbetale bompengelånet utan at andre føresetnader blir endra. Det store bompengebidraget frå forskots- og parallellinnkrevjinga fører til at prosjektet blir svært følsamt for endringar i kostnadene. I eit slikt tilfelle vil ordninga med betinga refusjon bli nytta, jf. fylkeskommunen sitt vedtak om at ordninga med betinga refusjon kan nyttast for dette prosjektet, sjå omtale i kapittel 3.

Som grunnlag for å fastsetje storleiken på den betinga refusjonen er det også rekna på eit alternativ med følgjande føresetnader:

  • Kostnadsauke opp til kostnadsramma og delen til bompengeselskapet/lokale styresmakter (69 pst.) blir dekt med bompengar.

  • Ingen årleg trafikkvekst etter opninga av prosjektet.

  • Takstauke på 20 pst. etter 2 år med etterskotsinnkrevjing.

Med utbetaling av 75 mill. kr i betinga refusjon i 2015-2016, er perioden med etterskotsinnkrevjing rekna til 20 år.

Garantiar

Av St.prp. nr. 72 framgår det at Rogaland fylkeskommune tidlegare har fatta vedtak om fylkeskommunal garanti for bompengelånet. Også Karmøy kommune har fatta vedtak om garanti.

Statens vegvesen legg til grunn at garantiane må dekke eit bompengelån på inntil 320 mill. kr. Den fylkeskommunale garantien må godkjennast av Kommunal- og regionaldepartementet. Den kommunale garantien må godkjennast av fylkesmannen. Garantiane vil først komme til utbetaling dersom gjelda ikkje er mogleg å handtere etter at realtakstane er auka med inntil 20 pst., bompengeperioden er forlenga med inntil 5 år og bompengeselskapet si gjeld er redusert med midlane frå den betinga refusjonen over Rogaland si investeringsramme til øvrige riksvegar.