6 Samferdselsdepartementet si vurdering
Samferdselsdepartementet viser til at ved den lokale behandlinga blei det lagt til grunn at «garantibeløpet» frå Rogaland fylkeskommune og Karmøy kommune på inntil 150 mill. 2007-kr skal stillast til disposisjon avslutningsvis ved gjennomføringa av prosjektet dersom behovet tilseier dette. Vidare blei det lagt til grunn at evt. reduserte prosjektkostnader og auka bompengeinntekter kjem som frådrag på garantibeløpet. Samferdselsdepartementet føreset at «garantibeløpet» er eit tilskot som blir omgjort til eit forskot ved evt. kostnadsreduksjon og/eller auka inntening. Samferdselsdepartementet er i dialog med Rogaland fylkeskommune og Karmøy kommune om å få presisert at dei aksepterer dette gjennom nye vedtak før anleggsstart. Dei må også presisere vedtaka om garantiar for eit bompengelån på inntil 320 mill. kr og fordele garantiansvaret mellom seg.
Det er ein føresetnad at bompengeselskapet inngår bindande avtale om ei lågare rente enn 6,5 pst. for ein periode på 10 – 15 år. Samferdselsdepartementet føreset at dokumentasjon for avtale om rentenivå blir sendt Vegdirektoratet før bompengeavtalen blir underskriven.
I St.meld. nr. 12 (2006-2007) Regionale fortrinn – regional framtid, har Regjeringa foreslått at det framtidige offentlege vegnettet vil bestå av stamvegar, regionale vegar (øvrige riksvegar og fylkesvegar) og kommunale vegar. Samferdselsdepartementet legg til grunn at det statlege ansvaret for investeringar i øvrig riksvegnett blir overført til regionane (fylka) når forvaltningsreforma trer i kraft i 2010. Dette inneber at regionen (fylket) er ansvarleg for å løyve føresette statlege midlar til prosjektet etter 2009, inkl. føresett del av ein evt. kostnadsauke. Ansvaret omfattar også den betinga refusjonen.