2 Nærmare om Daphne-programmet
Daphne-programmet tek mål av seg til
å medverke til å auke trygginga av fysisk og psykisk helse, for det første ved at barn, ungdom og kvinner vert verna mot vald (medrekna seksuell vald og mishandling), for det andre ved å hindre vald og for det tredje ved å gje støtte til valdsofra slik at dei ikkje vert utsette for vald att i framtida,
å støtte og oppmuntre NGO-ar og andre organisasjonar, medrekna offentlege styresmakter, som arbeider mot vald.
Tiltaka skal medverke til at det vert etablert samarbeid over landegrensene (tverrnasjonale tiltak) og tverrfaglege nett, og at det vert utvikla god praksis og samarbeid på lokalt nivå for å sikre utveksling av informasjon. Vidare skal det gjennomførast tverrnasjonale tiltak for å auke den allmenne kjennskapen og tilgangen til tilleggstiltaka, som gjer det mogleg for Kommisjonen m.a. å nytte seg av sakkunnige og arrangere møte og seminar for dei.
Kommisjonen skal sikre iverksetjinga av programmet i nært samarbeid med medlemslanda. Ein komité som er sett saman av representantar frå kvart medlemsland, støttar Kommisjonen i styringa av programmet. Noreg vil få to representantar i komiteen. Etter samråd med medlemslanda skal Kommisjonen samarbeide med institusjonar og organisasjonar som er verksame med omsyn til å hindre vald og verne barn, ungdom og kvinner mot vald i tillegg til å hjelpe valdsoffer. Kommisjonen skal særleg ta sikte på å oppmode til tverrnasjonalt samarbeid mellom NGO-ar og nasjonale, regionale og lokale styresmakter.
Under gjennomføringa skal Kommisjonen syte for at oppfølging og jamleg vurdering av programmet sikrar at både dei allmenne og dei særskilde måla vert verkeleggjorde.
I løpet av det andre året av programmet skal Kommisjonen leggje fram ein vurderingsrapport for Europaparlamentet og Rådet. Kommisjonen skal leggje fram ein sluttrapport for Europaparlamentet og Rådet når programmet er avslutta.
Det vert stilt mange krav til prosjekta , mellom anna at dei skal medverke til utvikling på europeisk plan og ikkje berre på lokalt, regionalt og nasjonalt plan. Dette kan gå føre seg på fleire måtar. Prosjekta kan anten søkje deltakarar frå organisasjonar i fleire land, skipe aktivitetar i fleire land samstundes, eller kome til nytte for andre nasjonar som ønskjer å nytte resultata i sitt land seinare. Måla for og bruken av prosjekta må uttrykkjast tydeleg. Det må òg gå klart fram korleis arbeid på det same området har vore utført tidlegare og det må utførast vurderingar innafor prosjektperioden.