Tilråing
Utanriksdepartementet
tilrår:
At Dykkar Majestet godkjenner og skriv under eit framlagt forslag til proposisjon til Stortinget om samtykke til godkjenning av avgjerd i EØS-komiteen nr. 39/2000 om endring av protokoll 31 til EØS-avtala om EFTA/EØS-statane si deltaking i fellesskapshandlingprogrammet om førebyggjande tiltak for å kjempe mot vald mot barn, ungdom og kvinner (Daphne-programmet) (2000-2003).
Vi HARALD, Noregs Konge,
stadfester:
Stortinget blir bedt om å samtykke til godkjenning av avgjerd i EØS-komiteen nr. 39/2000 om endring av protokoll 31 til EØS-avtala om EFTA/EØS-statane si deltaking i fellesskapshandlingprogrammet om førebyggjande tiltak for å kjempe mot vald mot barn, ungdom og kvinner (Daphne-programmet) (2000- 2003), i samsvar med eit framlagt forslag.
Tilråding frå Utanriksdepartementet ligg ved.