St.prp. nr. 71 (1999-2000)

Om samtykke til godkjenning av avgjerd i EØS-komiteen nr. 39/2000 om endring av protokoll 31 til EØS-avtala om EFTA/EØS-statane si deltaking i fellesskapshandlingsprogrammet om førebyggjande tiltak for å kjempe mot vald mot barn, ungdom og kvinner (Daphne-programmet) (2000-2003)

Til innhaldsliste

2 Europaparlaments- og rådsavgjerd nr. 293/2000/EF av 24. januar 2000 om vedtaking av eit fellesskapshandlingsprogram (Daphne-programmet) (2000-2003) om førebyggjande tiltak for å kjempe mot vald mot barn, ungdom og kvinner

EUROPAPARLAMENTET OG RÅDET FOR DEN EUROPEISKE UNIONEN HAR -

med tilvising til traktaten om skipinga av Det europeiske fellesskapet, særleg artikkel 152,

med tilvising til framlegget frå Kommisjonen 1,

med tilvising til fråsegna frå Økonomi- og sosialutvalet 2,

med tilvising til fråsegna frå Regionutvalet 3,

etter den framgangsmåten som er fastsett i artikkel 251 i traktaten 4, og

ut frå desse synsmåtane:

  1. Fysisk, seksuell og psykologisk vald mot barn, ungdom og kvinner krenkjer retten deira til liv, tryggleik, fridom, vørdnad og fysisk og kjenslemessig integritet, og er eit alvorleg trugsmål mot den fysiske og mentale helsa til dei som er offer for slik vald. Verknadene av slik vald er så utbreidde i heile Fellesskapet at dei utgjer eit alvorleg helseproblem.

  2. Det er viktig å sannkjenne dei alvorlege verknadene, både på kort og på lengre sikt, som vald har på helsa, på den psykologiske og sosiale utviklinga og på like høve for einskildpersonar, familiar og lokalsamfunn, og dei høge sosiale og økonomiske kostnadene for heile samfunnet.

  3. Verdshelseorganisasjonen har definert helse som ein tilstand av fullstendig fysisk, psykisk og sosial velferd, og ikkje berre fråvær av sjukdom eller vanhelse. I samsvar med artikkel 3 bokstav p) i traktaten skal verksemda til Fellesskapet medverke til å oppnå eit høgt nivå for helsevern.

  4. Desse prinsippa er sannkjende i konvensjonen til Dei sameinte nasjonane av 1979 om avskaffing av alle former for ulik handsaming av kvinner, i konvensjonen til Dei sameinte nasjonane av 1989 om rettane til barnet, i Wien-fråsegna av 1993 om avskaffing av vald mot kvinner, i fråsegna og handlingsplanen som vart vedtekne under den fjerde kvinnekonferansen i Beijing i 1995, i fråsegna og handlingsplanen mot sexhandel og utnytting av mindreårige som vart vedtekne under konferansen i Stockholm i 1996, og i fråsegna om ungdomspolitikk og program som vart vedteken under verdskonferansen for ministrane for ungdomsspørsmål i Lisboa i 1998.

  5. Den europeiske unionen har gjort tiltak på området justis- og innanrikssaker, særleg med den felles haldninga av 24. februar 1997 om kamp mot menneskehandel og seksuell utnytting av barn 5

    . Dei strafferettslege sidene ved vald høyrer inn under ansvarsområdet til medlemsstatane.

  6. I resolusjonane sine av 18. januar 1996 om menneskehandel 6

    , av 19. september 1996 om mindreårige valdsoffer 7

    , av 12. desember 1996 om tiltak for å verne mindreårige i Den europeiske unionen 8

    , av 16. september 1997 om ei eventuell skiping av ein kampanje i Den europeiske unionen for full fordømming av vald mot kvinner 9

    og av 16. desember 1997 om handel med kvinner med sikte på seksuell utnytting 10

    har Europaparlamentet oppmoda Kommisjonen om å utarbeide og gjennomføre handlingsprogram for å kjempe mot slik vald.

  7. I meldinga si av 24. november 1993 om ramma for innsatsen for folkehelsa peika Kommisjonen m.a. på førebygging av personskadar som eit viktig område i samband med folkehelsa. Innanfor denne ramma vart europaparlaments- og rådsavgjerd nr. 372/1999 om vedtaking av eit fellesskapshandlingsprogram for førebygging av personskadar 11

    vedteken 8. februar 1999.

  8. Ved å støtte tiltak som kan gje betre kunnskap om og forståing av vald mot barn, ungdom og kvinner, ved å syte for ei vid spreiing av opplysningar på dette området og ved å utvikle tiltak som kan utfylle eksisterande fellesskapsprogram og -tiltak, og samstundes unngå unødvendig overlapping, vil dette programmet i stor grad medverke til å redusere utnytting og sikre eit høgt nivå for vern av menneskehelsa, samstundes som det vert teke omsyn til fysiske, mentale og sosiale sider og til betre livskvalitet.

  9. Det ligg først og fremst på medlemsstatane, anten på nasjonalt, regionalt eller lokalt plan, å gjennomføre direkte tiltak for å motverke vald mot barn, ungdom og kvinner.

  10. Fellesskapet kan tilføre tiltaka til medlemsstatane ein tilleggsverdi med omsyn til å førebyggje vald, medrekna vald i form av seksuell utnytting og seksuelt misbruk av barn, ungdom og kvinner, gjennom spreiing og utveksling av opplysningar og røynsler, fremjing av ein nyskapande strategi, felles utarbeiding av prioriteringar, utvikling av nett der dette er føremålstenleg, utveljing av prosjekt på fellesskapsplan og motivering og mobilisering av alle dei partane som det gjeld.

  11. Dette programmet kan tilføre ein tilleggsverdi ved å identifisere og stimulere til god praksis, ved å oppmuntre til nyskaping og ved å utveksle relevante røynsler frå tiltak som er gjorde i medlemsstatane, medrekna utveksling av opplysningar om ulik lovgjeving og om resultata som er oppnådde.

  12. I samsvar med nærleiksprinsippet og prinsippet om rimeleg samhøve slik dei er definerte i artikkel 5 i traktaten kan måla for dei planlagde tiltaka best nåast på fellesskapsplan. Denne avgjerda er avgrensa til å omfatte naudsynte minstekrav, og går ikkje lenger enn det som trengst for det føremålet.

  13. Det bør fremjast eit aktivt partnarskap på dette området mellom Kommisjonen, medlemsstatane og ikkje-statlege organisasjonar, særleg organisasjonar som arbeider for velferda og livskvaliteten til barn, ungdom og kvinner, og det bør oppmuntrast til betre samverknad mellom all relevant politikk og alle relevante tiltak ved å fremje samarbeidet mellom ikkje-statlege organisasjonar, andre organisasjonar og nasjonale, regionale og lokale styresmakter.

  14. For å verkeleggjere måla i programmet og nytte dei tilgjengelege ressursane mest mogleg effektivt må det leggjast stor vekt på utveljinga av tiltaksområde ved at det innan ramma av ein tverrfagleg metode vert valt ut prosjekt som kan tilføre Fellesskapet ein større tilleggsverdi, og som kan vise veg når det gjeld utprøving og spreiing av nyskapande idear for å førebyggje vald.

  15. Det bør leggjast stor vekt på samarbeid med internasjonale organisasjonar som arbeider på dei områda som dette programmet omfattar, med tredjestatar og likeins med alle som kan medverke i førebygginga av vald.

  16. Det bør vedtakast føresegner for å gjere det mogleg for søkjarstatane å ta del i programmet før tilmeldinga deira, i samsvar med dei vilkåra som er fastlagde i dei gjeldande avtalene, særleg tilmeldingsavtalene og tilleggsprotokollane til desse avtalene.

  17. For å auke verdien og verknaden av programmet bør tiltaka vurderast jamleg, særleg med omsyn til effektivitet og verkeleggjering av dei måla som er fastsette, og om naudsynt med sikte på å tilpasse programmet.

  18. Dette programmet bør gjelde i fire år, slik at det vert nok tid til å gjennomføre tiltaka og nå dei måla som er fastsette.

  19. Dei tiltaka som er naudsynte for å gjennomføre denne avgjerda, bør vedtakast i samsvar med rådsbeslutning 1999/468/EF av 28. juni 1999 om fastsettelse av nærmere regler for utøvelsen av den gjennomføringsmyndighet som er tillagt Kommisjonen 12

    .

  20. I denne avgjerda er det ført opp ein finansiell referansesum for heile det tidsrommet som programmet varer, slik det er definert i punkt 33 i den tverrinstitusjonelle avtala av 6. mai 1999 mellom Europaparlamentet, Rådet og Kommisjonen om budsjettdisiplin og betring av rutinen for budsjetthandsaming 13

    -

TEKE DENNE AVGJERDA:

Artikkel 1

Fastsetjing av programmet

  1. Det vert for tidsrommet 1. januar 2000-31. desember 2003 vedteke eit fellesskapshandlingsprogram for å kjempe mot vald mot barn, ungdom og kvinner.

  2. Føremålet med programmet er å medverke til å sikre eit høgt nivå for vern av fysisk og mental helse ved å verne barn, ungdom og kvinner mot vald (medrekna vald i form av seksuell utnytting og seksuelt misbruk), ved å førebyggje vald og ved å hjelpe valdsoffer, særleg for å unngå at dei vert utsette for vald i framtida. Føremålet er likeins å støtte og oppmuntre ikkje-statlege organisasjonar og andre organisasjonar som er verksame på dette området. Såleis vil programmet medverke til den sosiale velferda.

  3. Dei tiltaka som skal gjennomførast innan ramma av programmet, og som er førde opp i vedlegget, tek sikte på å fremje

    1. tverrnasjonale tiltak for å skipe tverrfaglege nett og å sikre utveksling av opplysningar, best mogleg praksis og samarbeid på fellesskapsplan,

    2. tverrnasjonale tiltak for å auke medvitet hos ålmenta,

    3. utfyllande tiltak.

Artikkel 2

Gjennomføring

1. Kommisjonen skal i nært samarbeid med medlemsstatane syte for at dei tiltaka som er nemnde i artikkel 1 nr. 3, vert gjennomførde i samsvar med artikkel 5.

2. Kommisjonen skal etter samråd med medlemsstatane samarbeide med institusjonar og organisasjonar som arbeider for førebygging av og vern mot vald mot barn, ungdom og kvinner og for støtte til valdsoffer. Han skal særleg fremje tverrnasjonalt samarbeid og samarbeid mellom ikkje-statlege organisasjonar og nasjonale, regionale og lokale styresmakter.

3. Kommisjonen skal ta omsyn til verksemd som vert utførd på dette området på nasjonalt, regionalt og lokalt plan. Han skal òg sikre at det er jamvekt mellom målgruppene.

4. Dei tiltaka som vert gjorde, skal omfatte flest mogleg av medlemsstatane.

Artikkel 3

Budsjett

  1. Den finansielle ramma for gjennomføringa av det fireårige programmet (2000-2003) er 20 millionar euro.

  2. Dei årlege løyvingane skal godkjennast av budsjettstyresmakta innan ramma av dei finansielle overslaga.

  3. Tilskotet frå Fellesskapet skal variere etter kva tiltak det gjeld. Det skal ikkje overstige 80 % av dei samla kostandene i samband med tiltaka.

Artikkel 4

Samanheng og komplementaritet

Kommisjonen skal syte for at det er samanheng og komplementaritet mellom dei tiltaka som skal gjennomførast innanfor ramma av programmet, og andre aktuelle fellesskapsprogram og -tiltak, medrekna framtidig utvikling på området folkehelse.

Artikkel 5

Gjennomføringstiltak

  1. Dei tiltaka som er naudsynte for gjennomføringa av denne avgjerda med omsyn til sakene nedanfor, skal vedtakast etter den framgangsmåten for forvalting som er nemnd i artikkel 6 nr. 2:

    1. den årlege arbeidsplanen for gjennomføring av tiltaka i programmet, medrekna dei budsjettmessige følgjene og utveljingskriteria,

    2. den allmenne jamvekta mellom dei ulike delane av programmet,

    3. dei nærmare reglane for samordning med program og initiativ som har eit direkte samband med verkeleggjeringa av måla i dette programmet,

    4. dei nærmare reglane for samarbeid med dei tredjestatane og internasjonale organisasjonane som er nemnde i artikkel 8,

    5. framgangsmåtane for overvaking og vurdering av programmet.

  2. Dei tiltaka som er naudsynte for å gjennomføre denne avgjerda når det gjeld alle andre saker, skal vedtakast etter den rådgjevande framgangsmåten som er nemnd i artikkel 8 nr. 3.

Artikkel 6

Utval

  1. Kommisjonen skal få hjelp av eit utval.

  2. Når det vert vist til dette nummeret, skal artikkel 4 og 7 i avgjerd 1999/468/EF gjelde, samstundes som det vert teke omsyn til føresegnene i artikkel 8 i den nemnde avgjerda. Det tidsrommet som er fastsett i artikkel 4 nr. 3 i avgjerd 1999/468/EF, skal vere to månader.

  3. Når det vert vist til dette nummeret, skal artikkel 3 og 7 i avgjerd 1999/468/EF gjelde, samstundes som det vert teke omsyn til føresegnene i artikkel 8 i den nemnde avgjerda.

  4. Utvalet fastset møteføresegnene sine.

Artikkel 7

Deltaking for EFTA-/EØS-statane, dei assosierte statane i Sentral- og Aust-Europa, Kypros, Malta og Tyrkia

Programmet er ope for deltaking for

  • EFTA-/EØS-statane i samsvar med dei vilkåra som er fastsette i EØS-avtala,

  • dei assosierte statane i Sentral- og Aust-Europa i samsvar med dei vilkåra som er fastlagde i dei europeiske avtalene, i tilleggsprotokollane til desse avtalene og i avgjerdene til dei høvesvise assosieringsråda,

  • Kypros på dei same vilkåra som gjeld for EFTA-/EØS-statane, på grunnlag av tilleggsløyvingar i samsvar med dei framgangsmåtane som skal avtalast med denne staten,

  • Malta og Tyrkia, på grunnlag av tilleggsløyvingar i samsvar med føresegnene i traktaten.

Artikkel 8

Internasjonalt samarbeid

Med atterhald for artikkel 300 i traktaten skal det i samband med gjennomføringa av programmet oppmuntrast til samarbeid med tredjestatar og internasjonale organisasjonar som arbeider på dei områda som dette programmet omfattar, og med alle andre som kan medverke i førebygging av og vern mot alle former for vald.

Artikkel 9

Overvaking og vurdering

  1. Ved gjennomføringa av denne avgjerda skal Kommisjonen gjere dei tiltaka som er naudsynte for å sikre overvaking og jamleg vurdering av programmet, samstundes som det vert teke omsyn til dei allmenne og særskilde måla som er nemnde i artikkel 1 og i vedlegget.

  2. I løpet av det andre året som programmet gjeld, skal Kommisjonen leggje fram ein vurderingsrapport for Europaparlamentet og Rådet.

  3. Kommisjonen skal sende over ein sluttrapport til Europaparlamentet og Rådet når programmet er avslutta.

  4. Kommisjonen skal innarbeide i dei rapportane som er nemnde i nr. 2 og 3, opplysningar om fellesskapsfinansiering av dei ulike tiltaksområda, om komplementaritet med dei andre tiltaka som er nemnde i artikkel 4, og om resultata av vurderingane. Han skal òg sende rapportane over til Økonomi- og sosialutvalet og Regionutvalet.

Artikkel 10

Iverksetjing

Denne avgjerda tek til å gjelde den dagen ho vert kunngjord i Tidend for Dei europeiske fellesskapa.

Utferda i Brussel, 24. januar 2000.

For EuropaparlamentetFor Rådet
N. FONTAINEJ. GAMA
PresidentFormann

Vedlegg

Særskilde mål og tiltak

I. Tverrnasjonale tiltak for å skipe tverrfaglege nett og sikre utveksling av opplysningar, best mogleg praksis og samarbeid på fellesskapsplan

Mål: Å støtte og oppmuntre til samarbeid mellom ikkje-statlege organisasjonar og andre organisasjonar, medrekna offentlege styresmakter, som er verksame i kampen mot vald

  1. Støtte til skiping og styrking av tverrfaglege nett, og oppmuntring og støtte til samarbeid mellom ikkje-statlege organisasjonar og ulike organisasjonar og offentlege organ på nasjonalt, regionalt og lokalt plan for å betre kunnskapsnivået til og forståinga for den rolla som begge partar spelar, og å for å lette utvekslinga av relevante opplysningar.

  2. Fremjing og utveksling av best mogleg praksis, medrekna forsøksprosjekt, på fellesskapsplan når det gjeld førebygging av vald og støtte til og vern av barn, ungdom og kvinner.

    For å motverke problemet med vald skal netta særleg drive verksemd som gjer det mogleg å

    • fastleggje ei felles ramme for å analysere vald, medrekna ein definisjon av ulike former for vald og av årsakene til og alle følgjene av vald,

    • måle den faktiske verknaden som dei ulike formene for vald i Europa, har på ofra og på samfunnet, slik at det kan reagerast på ein føremålstenleg måte,

    • vurdere ulike typar tiltak og ulik praksis, òg med omsyn til effektivitet, for å førebyggje og oppdage vald, medrekna vald i form av seksuell utnytting og seksuelt misbruk, og for å gje støtte til valdsoffer, særleg for at dei skal unngå å verte utsette for vald i framtida.

II. Tverrnasjonale tiltak for å auke medvitet hos ålmenta

Mål: Å støtte medvitsaukande tiltak blant ålmenta med omsyn til vald og førebygging av vald mot barn, ungdom og kvinner, medrekna offer for menneskehandel som tek sikte på seksuell utnytting, kommersiell seksuell utnytting og andre former for seksuelt misbruk

  1. Fremjing av opplysningskampanjar i samarbeid med medlemsstatane, forsøksprosjekt med ein europeisk tilleggsverdi og medvitsaukande tiltak blant ålmenta og særleg blant barn og ungdom, pedagogar og andre grupper som det kjem ved, og dessutan blant media om mogleg risiko for vald og korleis slik risiko kan unngåast, medrekna kjennskap til lovgjeving, helseopplysning og helseopplæring i samband med kampen mot vald.

  2. Utvikling av ei opplysningskjelde på fellesskapsplan for å støtte ikkje-statlege organisasjonar og offentlege organ og informere dei om offentleg tilgjengelege opplysningar som er utarbeidde av statlege tenester, ikkje-statlege organisasjonar og universitetsinsitusjonar om vald, førebygging av vald og støtte til valdsoffer, og opplysningar om alle fellesskapstiltak og -program om dette emnet. Slike opplysningar bør kunne integrerast i alle relevante informasjonssystem.

  3. Granskingar på området vald og seksuelt misbruk og korleis dette kan førebyggjast, m.a. for å finne dei framgangsmåtane og tiltaka som er mest effektive for å hindre vald, for å støtte valdsoffer, særleg for å hindre at dei vert utsette for vald i framtida, og for å analysere dei sosiale og økonomiske kostnadene for såleis å kunne motverke dette fenomenet på ein føremålstenleg måte.

  4. Betre identifisering, rapportering og forvalting av følgjene av vald.

III. Utfyllande tiltak

Ved gjennomføringa av programmet kan Kommisjonen, i samsvar med artikkel 2 og 5 i avgjerda, nytte seg av organisasjonar som kan gje fagleg hjelp, og som skal finansierast innan den samla finansielle ramma for programmet. Han kan på same vilkår nytte seg av sakkunnige. Vidare har Kommisjonen høve til å organisere seminar, kollokvium eller andre møte mellom sakkunnige som kan lette gjennomføringa av programmet og betre opplysnings-, offentleggjerings- og formidlingstiltaka.

Fotnotar

1.

TEF C 259 av 18.8.1998, s. 2, TEF C 89 av 30.3.1999, s. 42, og TEF C 162 av 9.6.1999, s. 11.

2.

TEF C 169 av 16.6.1999, s. 35.

3.

TEF C 89 av 30.3.1999, s. 42.

4.

Europaparlamentsfråsegn av 16. april 1999 (TEF C 219 av 30.7.1999, s. 467), felles haldning frå Rådet av 13. september 1999 (TEF C 317 av 4.11.1999, s. 1), europaparlamentsavgjerd av 17. november 1999 (enno ikkje kunngjord i TEF), og rådsavgjerd av 13. desember 1999.

5.

TEF L 63 av 4.3.1997, s. 2.

6.

TEF C 32 av 5.2.1996, s. 88.

7.

TEF C 320 av 28.10.1996, s. 190.

8.

TEF C 20 av 20.1.1997, s. 170.

9.

TEF C 304 av 6.10.1997, s. 55.

10.

TEF C 14 av 19.1.1998, s. 39.

11.

TEF L 46 av 20.2.1999, s. 1.

12.

TEF L 184 av 17.7.1999, s. 23.

13.

TEF C 172 av 18.6.1999, s. 1.