4 Administrative og økonomiske konsekvensar
Det totale budsjettet for dette fireårige programmet (2000-2003) er 20 millionar euro, og budsjettet for 2000 er 5 millionar euro. Av desse går 4,6 millionar til prosjektstøtte, 250 000 dekkjer tekniske og administrative utgifter og 150 000 dekkjer dokumenterte utgifter til studiar, møte mellom ekspertar, informasjon og publisering som er knytt direkte til verkeleggjering av måla.
Støtta til kvart einskilt prosjekt kan ikkje overstige 80 % av dei samla kostnadene til prosjektet. Medfinansieringa må vere sikra.
Finansieringa av kvart prosjekt vil ikkje overstige 125 000 euro, og vil heller ikkje gå under 30 000 euro, bortsett frå i unntakstilfelle.
Det finst ikkje direkte nasjonale kvotar i tildelinga av prosjektmidlar. Private organisasjonar, etatar og sentrale og lokale styresmakter i Noreg kan søkje om delfinansiering av prosjekt med opptil 80 %. Eksterne sakkunnige skal gjennomgå søknadene på vegne av Kommisjonen. Utvalet får lagt fram prosjektlista for vurdering og for å gjere eit formelt vedtak om å yte støtte.
Utvalet for programmet har høve til å gje Kommisjonen nærmare retningslinjer.
Av den finansielle ramma på 20 millionar euro vil Noreg sin del utgjere om lag 1,7 %. Etter gjeldande kurs vil dette utgjere om lag 2,8 millionar kroner for heile programperioden. Det er sett av midlar til deltaking i programmet for 2000 over budsjettet til Barne- og familiedepartementet, kap. 857, post 79.
Deltakinga i handlingsprogrammet krev ikkje endringar i lover eller forskrifter.