1 Innleiing
Regjeringa gjer med dette framlegg om å regulere grunnbeløpet (G) i folketrygda og å auke dei løyvingane på statsbudsjettet for 2005 som blir påverka av reguleringa.
Regjeringa har lagt retningslinjene til Stortinget til grunn og lagt vekt på å sikre pensjonistane ei inntektsutvikling minst på linje med lønstakarane. Etter regjeringas syn tek forslaget til G-regulering omsyn til dette på ein god måte.
Reguleringa av grunnbeløpet blei drøfta mellom regjeringa og Norsk Pensjonistforbund, Funksjonshemmedes Fellesorganisasjon og Landsorganisasjonen i Noreg i møter 24. og 25. mai 2005. Regjeringa la stor vekt på å kome fram til semje med organisasjonane, noko drøftingsmøta førte fram til. Regjeringa og dei tre organisasjonane blei samde om å auke grunnbeløpet med kr 1 921 frå 1. mai i år.
Regjeringa gjer framlegg om at grunnbeløpet blir auka frå kr 58 778 til kr 60 699 frå 1. mai 2005. Det gjennomsnittlege grunnbeløpet aukar då med 3,3 prosent frå 2004 til 2005.
Etter framlegget aukar pensjonane til einslege minstepensjonistar med kr 3 444 pr. år til kr 108 852 pr. år. For ektepar der begge er minstepensjonistar aukar pensjonen med kr 9 264 pr. år til kr 199 512 pr. år. Utrekninga tek omsyn til at grunnpensjonen for ektepar og sambuande pensjonistar frå 1. mai 2005 auka frå 0,825 G til 0,85 G for kvar pensjonist.
Meirutgiftene for 2005 på grunn av høgare grunnbeløp blir om lag 3 340 mill. kroner. I tillegg kjem auka utgifter til statspensjonane frå 1. mai 2005, jf. St.prp. nr. 73 (2004-2005) Om lønnsregulering for arbeidstakere i det statlige tariffområdet 2005 mv.