8 Pensjonstrygda for sjømenn
Etter §15 i lov av 3. desember 1948 nr. 7 om pensjonstrygd for sjømenn yter staten visse tilskott. Staten dekkjer m.a. utgiftene til krigsfartstillegg for fartsmånader mellom 1. september 1939 og 31. desember 1945. Etter § 8 er pensjonsordninga garantert av staten. Når reguleringsfondet er brukt opp, dekkjer såleis staten dei årlege underskotta.
Under kap. 664 Pensjonstrygda for sjømenn, post 70 Tilskott, er det for 2005 løyvd 621 mill. kroner.
Pensjonssatsane og krigsfartstillegget blir fastsette i prosent av grunnbeløpet i folketrygda, og aukar såleis automatisk når grunnbeløpet blir regulert. Både underskottet og utgiftene til krigsfartstillegg vil auke når grunnbeløpet aukar. Det blir gjort framlegg om å auke tilskottet med 14 mill. kroner.