2 Nærmare om direktivet
Direktiv 2003/58/EF om endring av rådsdirektiv 68/151/EØF med omsyn til krav om offentleg innsyn for visse selskapsformer vart vedteke 15. juli 2003, og tok til å gjelde i EU 4. september 2003.
Selskap kan i medhald av direktivet velje om dei vil levere inn pliktige dokument og opplysningar i papirform eller elektronisk form. Dei partane som det gjeld, skal kunne få kopi av dokument og opplysningar i registeret både i papirform og i elektronisk form.
Dette medfører at medlemsstatane vert pålagde å konvertere alle dokument og opplysningar som vert sende inn i papirform, til elektronisk form. Tilgangen til opplysningar om selskap på tvers av landegrensene skal betrast ved å tillate frivillig registrering av dokument og opplysningar også på andre språk enn norsk. Tredjemann som handlar i god tru, skal kunne vise til desse omsetjingane.
Direktivet slår vidare fast at krav om offentleggjering av registrerte opplysningar kan stettast ved elektronisk offentleggjering. Plikter og rettar overfor tredjemann vil som hovudregel verte fastsette på grunnlag av denne offentleggjeringa. Til slutt slår direktivet fast at opplysningsplikter som er heimla i det første selskapsrettsdirektivet, skal framgå av alle brev og tingingssetlar, utan omsyn til om dei er i papirform eller om det vert nytta eit anna medium. Vidare skal desse opplysningane vere å finne på selskapet sine eventuelle internettsider.
Krava i direktivet skal vere stetta seinast innan 1. januar 2007.