Tilråing
Utanriksdepartementet
tilrår:
At Dykkar Majestet godkjenner og skriv under eit framlegg til proposisjon til Stortinget om samtykke til godkjenning av avgjerd i EØS-komiteen nr. 56/2004 av 23. april 2004 om innlemming i EØS-avtala av direktiv 2003/58/EF med omsyn til krav om offentleg innsyn for visse selskapsformer.
Vi HARALD, Noregs Konge,
stadfester:
Stortinget vert bede om å gjere vedtak om samtykke til godkjenning av avgjerd i EØS-komiteen nr. 56/2004 av 23. april 2004 om innlemming i EØS-avtala av direktiv 2003/58/EF med omsyn til krav om offentleg innsyn for visse selskapsformer, i samsvar med eit vedlagt framlegg.