2 Omtale av prosjekt og tiltak
Kvammapakken omfattar prosjekt og tiltak på rv 7 og rv 49. Eksisterande veg har i hovudsak dårleg standard. I fleire av prosjekta inngår bygging av gang- og sykkelveg og fortau. Ein stor del av investeringane skal gjennomførast på rv 7 mellom Norheimsund og Øystese i Kvam kommune. Her er det lagt opp til omlegging på strekninga Øystese vest–Nes og utbetring mellom Nes og Norheimsund. Det er vidare lagt opp til fleire mindre tiltak på rv 7 mellom Øystese og Granvin grense, utbetring av kryss mellom rv 7 og rv 13 i Granvin og trafikksikringstiltak på rv 7 ved Kvamskogen. På rv 49 er det planlagt utbetringar sør for Norheimsund og ved Linga.
Mellom Øystese vest og Nes er det planlagt ei omlegging på om lag 1,7 km. Av dette er om lag 1,2 km lagt i tunnel gjennom Børveneset. Vel 0,3 km lokalvegar og 0,25 km gang- og sykkelvegar inngår i prosjektet. Ved Øystese vest er det planlagt ei rundkøyring, og ved Nes er det planlagt eit T-kryss. Godkjent reguleringsplan ligg føre. Kostnadsoverslaget er 169 mill. 2008-kr, som er 11 mill. kr høgare enn ved den lokale behandlinga av bompengesøknaden. Omrekna til 2009-prisnivå er overslaget 176 mill. kr. Samfunnsøkonomisk netto nytte (NN) for prosjektet er rekna til 10 mill. kr. Netto nytte over kostnad (NN/K) er 0,1. Det blir lagt opp til anleggsstart hausten 2010, og prosjektet er venta opna for trafikk i 2012.
For resten av tiltaka ligg det i hovudsak ikkje føre vedtekne reguleringsplanar. På enkelte stader finst vedtekne reguleringsplanar av eldre dato. Desse må vurderast på nytt og ev. oppdaterast. Kostnadene er difor usikre. Førebelse kostnadsoverslag for dei andre prosjekta og tiltaka i Kvammapakken varierer mellom om lag 10 mill. kr og om lag 80 mill. kr.