6 Samferdselsdepartementet si vurdering
Samferdselsdepartementet viser til at bompengepakker er meir fleksible enn bompengeinnkrevjing for enkeltprosjekt. Det blir lagt til grunn at omfanget av utbygginga i Kvammapakken må tilpassast den økonomiske ramma. Sidan Kvammapakken for ein stor del omfattar utbetringstiltak og mindre prosjekt, bør det ikkje vere problematisk å tilpasse utbygginga til tilgjengelege midlar. Dersom kostnadsoverslaget for nokre av prosjekta aukar, vil dette innebere at andre prosjekt ikkje blir bygde. Dersom prosjekta blir rimelegare enn rekna med, vil det bli plass til fleire prosjekt i pakka. Det blir førebels lagt til grunn eit maksimalt låneopptak for Kvammapakken på 250 mill. kr, basert på en byggeperiode på om lag 8 år. Samferdselsdepartementet vil kome tilbake til Stortinget dersom det blir behov for å auke låneramma.
Alle riksvegprosjekta innan Kvammapakken er på den delen av øvrig riksvegnett som blir overført til fylkeskommunane når forvaltningsreforma trer i kraft i 2010. Dette inneber at Hordaland fylkeskommune er ansvarleg for å løyve føresette statlege midlar til Kvammapakken frå 2010.
Det er ein føresetnad at bompengeselskapet inngår bindande avtale om rente som er lågare enn 6,5 pst for ein periode på 10-15 år. Samferdselsdepartementet føreset at dokumentasjon for avtale om rentenivå blir sendt Vegdirektoratet før bompengeavtalen blir underskriven.