3 Lokalpolitisk behandling
Den første bompengesøknaden frå Kvam Bompengeselskap AS er frå oktober 2005. Det var lagt til grunn fullfinansiering med bompengar. Det var planlagt to bomstasjonar: ein ved kommunegrensa mellom Granvin og Kvam og ein ved kommunegrensa mellom Kvam og Samnanger (ved Kvamskogen). Kvam og Granvin kommunar slutta seg til søknaden. Samnanger kommune stilte seg negativ til bompengesøknaden. Kommunestyret behandla saka på nytt i februar 2006 og rådde framleis frå realisering av bompengeordninga i Kvammapakken.
Etter samråd med fylkeskommunen og Statens vegvesen blei søknaden omarbeidd. Den vestre bomstasjonen blei flytta frå Kvamskogen til øvst i Steinsdalen (nærare Norheimsund). Fordelinga av investeringsmidlar mellom rv 7 og rv 49 blei endra, og det blei lagt til grunn 25 mill. kr i statlege midlar. Saka blei lagt fram for Kvam kommunestyre som slutta seg til den omarbeidde søknaden i møte 13. juni 2006. Vidare blei saka lagt fram for fylkestinget 10. oktober 2006. Fylkestinget fatta følgjande vedtak:
1. Fylkestinget går inn for at Kvam Bompengeselskap AS får løyve til å krevje inn bompengar for å finansiere prosjekta i «Kvammapakken» slik det er skissert i bompengesøknaden datert 22. mai 2006.
2. Som ein del av det samla finansieringsopplegget for «Kvammapakken» går fylkestinget inn for å prioritere 25 mill. kr i statlege midlar frå sekkepostane innanfor den fylkesfordelte riksvegramma i siste del av perioden 2006-2009 og første del av perioden 2010-2015.
Saka blei ikkje lagt fram til ny politisk behandling i Granvin og Samnanger kommunar.
På grunn av kostnadsauke blei bompengesøknaden revidert. Bompengeperioden blei auka til 19 år og dei statlege midlane var auka til 43 mill. 2008-kr. Kvam kommunestyre behandla saka 14. oktober 2008 og slutta seg til søknaden.
Hordaland fylkesting behandla saka 10. desember 2008. Fylkestinget fatta følgjande vedtak:
Fylkestinget godkjenner nye føresetnader og endringar i revidert bompengesøknad, datert 1. oktober 2008, for finansiering av Kvammapakken.
Hordaland fylkeskommune gjev sjølvskyldnargaranti for lån på inntil 370 mill. kr som Kvam Bompengeselskap AS tek opp til delvis finansiering av Kvammapakken. Garantien gjeld i inntil 19 år. Fylkeskommunen kan krevja pant i retten til å krevja inn bompengar.
Fylkeskommunen teiknar aksjar for kr 160 000 i Kvam Bompengeselskap AS og skal ha fleirtal i styret i selskapet.
Budsjettet for 2008 vert endra slik:
10 720 200 00 14900 Tilleggsløyvingskonto - kr 160 000 10 790 100 00 15700 Interne finanstrans + kr 160 000 10 740 020 00 05290 00 071 10 Kjøp av aksjar + kr 160 000 10 740 020 00 09700 00 071 10 Interne finanstrans - kr 160 000 Fylkestinget godkjenner at det vert gjeve eit lån på inntil 2,5 mill. kr til Kvam Bompengeselskap AS. Lånet er rentefritt og skal betalast attende med bompengar.
Fylkestinget gir fylkesrådmannen fullmakt til å kjøpa renteopsjon til rentesikring av bompengelån til finansiering av Kvammapakken.