4 Utbyggings- og finansieringsopplegg
Kvammapakken er føresett finansiert med fylkeskommunale midlar og bompengar. I det lokalt behandla opplegget er det lagt til grunn ei samla kostnadsramme på om lag 440 mill. kr, omrekna til 2009-prisnivå.
Fylkeskommunale midlar
I tråd med føresetnadene for fylkestinget si behandling 10. desember 2008 er det lagt til grunn 43 mill. 2008-kr i statlege midlar til Kvammapakken. Omrekna til 2009-prisnivå utgjer dette 44 mill. kr, dvs. 10 pst av den økonomiske ramma for pakka. Som følgje av forvaltningsreforma er det lagt til grunn at midlane blir løyvde som fylkeskommunale midlar. Det er lagt til grunn at midlane blir løyvde i perioden 2010-2013.
Bompengar
Bompengeopplegget omfattar ein bomstasjon på rv 7 øvst i Steinsdalen, om lag 5 km vest for Norheimsund, og ein bomstasjon på rv 7 ved kommunegrensa mellom Granvin og Kvam kommunar. Det er lagt til grunn at innkrevjinga blir starta i 2010.
Det er lagt opp til å etablere automatiske bomstasjonar med to takstgrupper: lette køyretøy (køyretøy med totalvekt til og med 3 500 kg), og tunge køyretøy (køyretøy med totalvekt over 3 500 kg). Det er føresett ei gjennomsnittleg inntekt pr. passering på 24 kr i 2004-prisnivå. Omrekna til 2009-prisnivå tilsvarar dette 31 kr. Det er førebels rekna ut at taksten vil bli om lag 39 kr for lette køyretøy og 78 kr for tunge køyretøy. Det er lagt til grunn at takstane blir justerte i samsvar med prisutviklinga.
Det er lagt opp til at trafikk som passerer begge bomstasjonane i løpet av 1,5 time berre skal betale ein gong. Dette gjeld også ved passering av same bomstasjon i løpet av 1,5 time. Vidare er det lagt til grunn at takst- og rabattsystemet blir i tråd med gjeldande takstretningsliner. Ved forskotsbetaling er det mogleg å oppnå rabattar på 30-50 pst. Ved den lokale behandlinga er det lagt opp til parallellinnkrevjing i byggetida som er rekna til fire år og deretter etterskotsinnkrevjing i 15 år, til saman 19 års bompengeperiode.
Trafikktala som er nytta er baserte på framskriving av Statens vegvesen sine trafikkteljingar i m.a. bompengesnitta frå 2006, saman med ei nummerskiltregistrering frå sommaren 2005. Det er gjort frådrag for timesregel (1,5 time) og bortfall av inntekter frå utanlandske køyretøy. Trafikktala er blitt vurderte opp mot teljingar på rv 7 ved Kvamskogen i 2006, 2007 og 2008 og den overordna trafikkanalysen med transportmodell som blei gjennomført for Vossapakko i 2006/2007. Statens vegvesen tilrår at det blir nytta eit trafikkgrunnlag for Kvammapakken (betalande årsdøgntrafikk) på 2 360 køyretøy i basisåret 2008. Det er vidare lagt til grunn ein årleg trafikkvekst på 1 pst. Desse trafikkføresetnadene inneber ei mindre nedjustering samanlikna med føresetnadene ved den siste lokale behandlinga.
Hovudregelen ved innkrevjing av bompengar er nytteprinsippet. Dei som betalar bompengar skal ha nytte av prosjektet. Denne samanhengen går også andre vegen, slik at dei som har nytte av eit vegprosjekt, også skal betale bompengar, jf. mellom anna St.meld. nr. 16 (2008-2009) Nasjonal transportplan 2010-2019. Statens vegvesen sine trafikkteljingar, saman med ei nummerskiltregistrering frå sommaren 2005, viser at om lag 75 pst av bompengeinntektene vil kome frå trafikk som kjem utanfor bompengesnitta og skal til og frå Kvam kommune, primært i området Øystese-Norheimsund. Dersom heile Kvammapakken blir gjennomført, vil alle desse trafikantane få nytte av eit eller fleire prosjekt/tiltak. Det vil vere lokaltrafikk innafor bompengesnitta som får nytte, men som ikkje betalar. Over tid vil truleg mange av desse trafikantane betale på andre turar til og frå Kvam kommune.
I St.meld. nr. 32 (1988-89) Norsk veg- og vegtrafikkplan 1990-93 og i St.meld. nr. 46 (1990-91) Om endring i rammebetingelser for bompengeprosjekter, er bompengeperioden avgrensa til 15 år. Det er likevel opna for at 20 år kan vurderast i spesielle tilfelle, utan at det er gitt nærare føringar for når dette kan vere aktuelt. Bakgrunnen for å avgrense lengda på innkrevjingsperioden er omsynet til trafikantane og at uvissa knytt til ulike føresetnader for finansieringsvurderingane aukar framover i tid. For Kvammapakken er det ein føresetnad at omfanget av utbygginga blir tilpassa den økonomiske ramma. Ei forlenging av bompengeperioden frå 15 til 20 år vil auke uvissa, og det er i denne proposisjonen lagt opp til ulike tiltak for å kompensere for dette, sjå forslag til utbyggings- og finansieringsplan.
Det er lokalpolitisk støtte til bompengeopplegget.
Bompengar utgjer 90 pst av investeringskostnadene.
Bomstasjonane er basert på Autopass-systemet og vil ha tilsvarande teknologiske løysingar som eksisterande bomstasjonar i Oslo, Bergen eller Tønsberg. Betaling av bompengar vil skje ved bruk av ei elektronisk brikke eller ved etterskotsvis fakturering basert på videofotografering av registreringsnummer på bilen. Av omsyn til personvern blir det lagt opp til å kunne betale ved nærliggjande bensinstasjon, eller tilsvarende, som har avtale med bompengeselskapet. Departementet viser til St.meld. nr. 16 (2008-2009) Nasjonal transportplan 2010-2019 der det blir varsla eit interdepartementalt arbeid om anonymitet i heilautomatiske bomstasjonar, jf. også St.prp. nr. 40 (2007-2008).
Etter ei samla vurdering tilrår Statens vegvesen opplegget som er foreslått. Samferdselsdepartementet er samd i dette.
Forslag til utbyggings- og finansieringsplan
I bompengesøknaden er det i utgangspunktet ikkje lagt opp til å ha ei prioriteringsrekkefølgje for prosjekt og tiltak. Det er lagt til grunn at heile utbygginga skal gjennomførast i løpet av fire år. Det er lagt opp til låneopptak. I bompengesøknaden står det at dersom det blir vesentlege endringar i kostnadskalkyler, trafikkgrunnlag eller finansieringsføresetnader som peikar i negativ retning, kan det bli aktuelt å foreta ei justering av inntektsgrunnlaget. Vidare står det at dersom dette ikkje blir tilstrekkeleg, kan det bli aktuelt med ei prioritering av prosjekt/tiltak i pakken, og eventuelt redusere eller utsetje eit eller fleire prosjekt/tiltak.
Statens vegvesen viser til at det for bompengepakker er vanleg at omfanget av utbygginga blir tilpassa den økonomiske ramma. Dersom kostnadene for nokre av prosjekta aukar, vil dette innebere at andre prosjekt ikkje blir bygde. Dersom prosjekta blir rimelegare enn rekna med, vil det bli plass til fleire prosjekt i pakka. Statens vegvesen tilrår at alle kostnadsauker må løysast innafor den samla kostnadsramma for Kvammapakken.
Statens vegvesen viser til at det ligg føre vedteke reguleringsplan og kostnadsoverslag for prosjektet rv 7 Øystese vest – Nes med planlagt anleggsstart i 2010. Øvrige prosjekt og tiltak kan startast opp når planavklaring ligg føre og finansiering er avklara. Det vil bli etablert ei styringsgruppe som skal sørgje for at alle prosjekt og tiltak som blir starta opp, let seg finansiere innafor dei økonomiske rammene for Kvammapakken og at innkrevjinga kan avsluttast innan utløpet av bompengeperioden. Det blir lagt til grunn at Hordaland fylkeskommune, Kvam kommune, Statens vegvesen og bompengeselskapet er representerte i styringsgruppa. Denne vil førebu prosjekt og tiltak for fylkestinget si behandling av årsbudsjett mv.
Sidan Kvammapakken utanom prosjektet Øystese vest – Nes i stor grad omfattar utbetringstiltak og mindre prosjekt, bør det ikkje vere vanskeleg å tilpasse utbygginga til tilgjengelege midlar dersom utbygginga blir gjennomført over lengre tid enn det som er lagt til grunn i bompengesøknaden. Statens vegvesen har rekna på eit opplegg for å gjennomføre heile pakken over ein periode på åtte år, dvs. fire år lengre enn det som blei lagt til grunn for den lokale behandlinga. Statens vegvesen tilrår på bakgrunn av dette at det førebels blir lagt til grunn eit maksimalt låneopptak på 250 mill. kr. Samferdselsdepartementet støttar denne vurderinga.
I bompengesøknaden er det lagt til grunn ei lånerente på 5,75 pst. Dette er lågare enn det som ordinært blir lagt til grunn i bompengesaker. I denne proposisjonen er det lagt til grunn eit rentenivå på 6,5 pst med føresetnad om dokumentasjon for rentenivå før bompengeavtalen blir underskriven, som er vanleg i bompengeproposisjonar. Ved ev. lågare rente kan denne leggjast til grunn ved styringa av Kvammapakken med tilpassing av utbygginga til den økonomiske ramma.
Basert på føresetnadene i denne proposisjonen inkl. 6,5 pst lånerente, er det rekna med at det føresette bompengebidraget på 395 mill. kr kan finansierast med bompenger dersom innkrevjingsperioden blir sett til 20 år. Samla finansieringsbidrag er rekna til 560 mill.kr, fordelt på 395 mill. kr til å dekke delar av investeringskostnadane og 165 mill. kr til å dekke renter. I tillegg kjem 100 mill. kr til å dekke innkrevjingskostnader og kostnader til drift av bompengeselskapet. Dette er noko meir enn det som blei lagt til grunn ved den siste lokale behandlinga. Brutto bompengeinntekter blir dermed 660 mill. kr.
Følgjande basisføresetnader er lagt til grunn:
Utbyggingskostnader: 440 mill. kr, omrekna til 2009-prisnivå
Trafikkgrunnlag: 2 360 køyretøy pr. døgn (2008-nivå)
Årleg trafikkvekst: 1 pst
Lånerente: 6,5 pst
Årleg prisstigning: 2,5 pst
Årlege innkrevjingskostnader: 5 mill. kr
Gjennomsnittleg bompengetakst: 31 kr (omrekna til 2009-prisnivå)
Oppstart av innkrevjinga i begge bomstasjonane i 2010
Samferdselsdepartementet legg til grunn inntil 20 års bompengeperiode for Kvammapakken dersom det er lokal støtte til dette. Alternativt kan den økonomiske ramma for utbygginga bli tilpassa ein bompengeperiode på 19 år, som er lagt til grunn ved den lokale behandlinga.
Det er lagt til grunn at fylkeskommunen løyver 44 mill. 2009-kr og at resterande beløp opp til investeringsramma på 440 mill. 2009-kr kjem frå bompengar. Bompengeandel blir om lag 90 pst.