2 Avtale om driftstilskot og takstar for legar
I forhandlingsmøte 3. juni 1998 blei Den norske lægeforening, Kommunenes Sentralforbund og staten samde om eit tilrådd framlegg til revidert avtale om driftstilskot og takstar for legar med avtale om drift av privat praksis. Avtalen skal gjelde for tidsrommet 1. juli 1998 - 30. juni 1999.
Det tilrådde framlegget inneber at gjeldande driftstilskot, takstar og fondsavsetningar blir auka med 4,3 pst frå 1. juli 1998. I tillegg blir fondsavsetningane auka med 3 mill kroner. Det gir ei samla ramme på 4,4 pst. Partane vil snarast komme saman for å dele ramma på dei einskilde takstane og fonda.
Meirutgiftene for folketrygda til refusjonar og fondsavsetningar i 1998 er rekna til 76,0 mill kroner, delt med 22,0 mill kroner på kap 2711 post 70 Refusjon spesialisthjelp og 54,0 mill kroner på kap 2755 post 70 Refusjon allmennlegehjelp.
Tilskot til fastlønsstillingar kjem i staden for dei trygderefusjonane som blir gitt til privatpraktiserande legar for kurativt arbeid. Tilskotet var i 1997 214 000 kroner knytt til minst 20 timar kurativt arbeid pr veke/1600 konsultasjonar pr år og 166 500 kroner knytt til minst 14 timar/1000 konsultasjonar. Departementet tilrår at tilskota til fastlønsstillingar for allmennlegar blir sette ned til respektive 203 000 kroner og 158 000 kroner for 1998. Reduksjonen heng saman med auken i eigendelane i juli 1997 og januar 1998.
Det er teke omsyn til auken i eigendelane i budsjettet for 1998. Reguleringa av fastlønstilskotet gir difor meirutgifter for folketrygda. Desse er for 1998 rekna til 7,0 mill kroner på kap 2755 post 61 Tilskot til fastlønsordning allmennlegar.
Den samla budsjettauken som følgje av avtalen blir dermed 83,0 mill kroner.