3 Avtale om driftstilskot og takstar for fysioterapeuter
I forhandlingsmøte 2. juni 1998 blei Norske Fysioterapeuters Forbund, Kommunenes Sentralforbund og staten samde om eit tilrådd framlegg til revidert avtale om driftstilskot og takstar for fysioterapeutar. Avtalen skal gjelde for tidsrommet 1. juli 1998-30. juni 1999.
Avtalen føreset ei regulering av takstar og driftstilskot med 4,0 pst pr 1. juli 1998. Takstar og driftstilskot aukar med same prosentsats. Folketrygda skal som tidlegare setje av 1,5 pst av utbetalte refusjonar til fond for etter- og vidareutdanning.
Meirutgiftene for folketrygda til refusjonar og fondsavsetningar i 1998 er rekna til 18,0 mill. kroner på kap 2755 post 71 Refusjon fysioterapi.
Fastlønstilskotet var 108 000 kroner i 1997. Departementet tilrår at fastlønnstilskotet aukar til 109 000 kroner for 1998 og at kap 2755 post 62 Tilskot til fastlønsordning fysioterapeutar blir regulert med 4,0 mill kroner.