Tilråding
Sosial- og helsedepartementet
tilrår:
At Dykkar Majestet godkjenner og skriv under eit framlagt forslag til proposisjon til Stortinget om endringar i statsbudsjettet for 1998 under kap 2711 Diverse tiltak i fylkeshelsetenesta m v og kap 2755 Helsetenesta i kommunane.
Vi HARALD, Norges Konge,
stadfester:
Stortinget blir bedt om å gjere endringar i statsbudsjettet for 1998 i samsvar med eit framlagt forslag.
Tilråding frå Sosial- og helsedepartementet ligg ved.