4 Avtale om driftstilskot og takstar for psykologar
I forhandlingsmøte 2. juni 1998 blei Norsk Psykologforening, Kommunenes Sentralforbund og staten samde om eit tilrådd framlegg til revidert avtale om driftstilskot og takstar for spesialistar i klinisk psykologi. Avtalen skal gjelde for perioden 1. juli 1998 - 30. juni 1999.
Avtalen føreset ei regulering av takstar og driftstilskot med 4,0 pst pr 1. juli 1998. Fondsavsetninga er auka i takt med auken i rammen.
Departementet tilrår at kap 2711 post 71 Refusjon psykologhjelp blir regulert med 4,0 mill kroner.