1 Innleiing og samandrag
Finansdepartementet legg med dette fram ein proposisjon med forslag til fullmakt for statleg opplåning i 2006. Proposisjonen er utarbeidd på grunnlag av føresetnadene i Statsbudsjettet 2006.
Finansdepartementet har ansvaret for forvaltninga av statens gjeld og kontantbehaldning. Det er inngått avtalar med Noregs Bank om forvaltning av statens gjeld og likviditet og om konsernkontoordninga. I samsvar med desse avtalane skal Noregs Bank mellom anna gi råd om opplåninga til staten, ta seg av den operative forvaltninga av innanlandske låneopptak og pleie andrehandsmarknaden for statspapir. Noregs Bank mottek betaling for den operative forvaltninga, for marknadspleia og for drifta av statens kontosystem. Utgiftene blir budsjetterte over kap. 1650, post 01.
Staten har ut frå forslaget i St.prp. nr. 1 (2005-2006) Tillegg nr. 1 eit brutto finansieringsbehov på vel 22 mrd. kroner i 2006. Planen er å dekkje finansieringsbehovet ved langsiktige låneopptak innanlands. Staten sitt behov for låneopptak er nærare omtalt i kap. 2.
Det er viktig at staten har romslege fullmakter slik at låneprogrammet har fleksibilitet til å møte skiftande forhold gjennom året. Som for tidlegare år ber ein om fullmakt til å ta opp langsiktige lån som er større enn brutto finansieringsbehovet i 2006. Lån som inngår i staten si eigenbehaldning av statspapir for marknadspleieformål, er omfatta av desse fullmaktene.
Fullmakta for opptak av nye langsiktige lån, dvs. lån som bind staten for ein periode på meir enn eitt år, blir foreslått sett til 50 mrd. kroner. Dette er det same beløpet som gjeld for 2005. Ein ber også om romslege fullmakter for samla uteståande i kortsiktige lån i 2006. For kortsiktige marknadslån, dvs. lån som har løpetid opp til eitt år og som blir omsette i marknaden, foreslår ein at ramma på 120 mrd. kroner blir vidareført. For andre kortsiktige lån som ikkje blir omsette i marknaden, herunder diverse kontolån, foreslår ein ei ramme på 100 mrd. kroner. Ein ber i tillegg om at den generelle fullmakta til å inngå rentebyteavtalar og tilsvarande derivatavtalar blir vidareført. For nærare omtale syner ein til kapittel 6. Forslaga er samanfatta i tabell 2.2.