6 Opplåninga
6.1 Langsiktige lån
6.1.1 Statsobligasjonar
Statens opptak av langsiktige lån i den innanlandske marknaden har sidan 1991 hovudsakleg skjedd gjennom auksjonar av obligasjonar. For å skape ein oversiktleg og likvid marknad har ein konsentrert opplåninga om eit fåtal avdragsfrie lån som gradvis blir bygde opp til relativt store volum (referanselån), jf. avsnitt 5. Ein kan derfor få store forfall i enkelte år og ingen forfall i andre år. Ein legg særleg vekt på å ha likvide referanselån i tre-, fem- og tiårssegmentet.
Det er fem referanselån i marknaden, jf. tabell 6.1. For løpetider på opp til eitt år blir referanselånfunksjonen i hovudsak dekt av statskassevekslar, jf. omtale under avsnitt 6.2.
Tabell 6.1 Statsobligasjonar. Uteståande i referanselån1 pr. 30. september 2005
Børsnummer | Første gong lagt ut | Forfall | Nominelt pålydande beløp (mill. kroner) | Kupong- rente (pst.) | Effektiv marknadsrente2 (pst.) |
NST467 | 08.01.96 | 15.01.07 | 35 900 | 6,75 | 2,63 |
NST468 | 26.01.98 | 15.05.09 | 32 100 | 5,50 | 3,03 |
NST469 | 09.06.00 | 16.05.11 | 25 400 | 6,00 | 3,26 |
NST470 | 27.05.02 | 15.05.13 | 32 000 | 6,50 | 3,37 |
NST471 | 27.05.04 | 15.05.15 | 19 600 | 5,00 | 3,54 |
1 Inkluderer statens eigenbehaldning til bruk i marknadspleia.
2 Gjennomsnitt av kjøps- og salsrente på same obligasjon notert på Oslo Børs 30. september.
Kjelde: Finansdepartementet.
Salet av statsobligasjonar skjer ved auksjonar som blir annonserte på førehand i ein auksjonskalender. Så langt i 2005 har det vore avvikla fire auksjonar. Etter auksjonskalenderen skal det i tillegg avviklast ein obligasjonsauksjon den 24. november.
Ein indikator på kor vellukka ein auksjon har vore, er den effektive renta ein har oppnådd i auksjonen sett i forhold til rentenivået i andrehandsmarknaden på same tidspunkt. Ei slik samanlikning er enklast å gjere i dei tilfella der ein utvidar eit lån som allereie er prisnotert i marknaden. Det normale i ein auksjon av norske statsobligasjonar er at den effektive renta ein oppnår ligg mellom tilsvarande kjøps- og salsrente i andrehandsmarknaden på auksjonstidspunktet. Hittil i år har auksjonsresultatet i gjennomsnitt vore nær 2 rentepunkt over midtrenta i andrehandsmarknaden, jf. tabell 6.2. Resultata var om lag dei same for auksjonane som blei gjennomførte i 2004. Samanlikna med midtrenta i marknaden for rentebyteavtalar har gjennomsnittleg rente i auksjonane hittil i år vore om lag 36 rentepunkt lågare. I 2004 var renta i gjennomsnitt 30 rentepunkt under denne midtrenta.
Tabell 6.2 Opptak av obligasjonslån i 4. kvartal 2004 og hittil i 2005
Auksjons-dato | Børsnummer | Kupong-rente | Auksjons-volum | Effektiv rente | Midtrente i andrehands- marknaden1 | Midtrente i rentebytemarknaden3 | Dekningsgrad2 |
25.11.04 | NST471 | 5,00 | 4 000 | 4,07 | 4,10 | 4,43 | 4,4 |
24.01.05 | NST470 | 6,50 | 4 000 | 3,65 | 3,65 | 3,95 | 3,6 |
07.04.05 | NST469 | 6,00 | 3 000 | 3,58 | 3,52 | 3,88 | 1,5 |
06.06.05 | NST471 | 5,00 | 4 000 | 3,59 | 3,57 | 3,93 | 2,2 |
17.10.05 | NST470 | 6,50 | 3 000 | 3,52 | 3,53 | 3,99 | 2,1 |
1 Gjennomsnitt av kjøps- og salsrente på same obligasjon notert på Oslo Børs på auksjonstidspunktet.
2 Samla bodvolum i høve til auksjonsvolum.
3 Gjennomsnitt av bankane sine kjøps- og salsrenter i rentebytemarknaden på auksjonstidspunktet.
Kjelde: Finansdepartementet og Noregs Bank.
Det er viktig for staten at det er interesse for auksjonane slik at ein kan oppnå best mogleg resultat i form av låge lånekostnader. Ein måte å måle interessa på er forholdet mellom samla bodvolum i auksjonen og det volumet staten tilbyr i auksjonen. I 2004 varierte dette forholdstalet mellom 1,4 og 4,4 i auksjonane av statsobligasjonar. I dei fire auksjonane som er gjennomførte hittil i 2005, har forholdstalet variert mellom 1,5 og 3,6.
Endringar i rentenivået etter at kupongrenta er fastsett, kan gi over- eller underkurs når ein emitterer i eit lån. Slik over- eller underkurs blir avsett i statsrekneskapen og ført som inntekt eller utgift over den attståande løpetida på dei aktuelle låna. Alle auksjonane hittil i 2005 er teikna med overkurs for til saman 1 707 mill. kroner.
6.1.2 Langsiktige kontolån frå Folketrygdfondet
Langsiktige kontolån frå Folketrygdfondet blir avrekna under ramma for langsiktige lån. Folketrygdfondet kan plassere midlar i form av kontolån til vilkår som svarar til dei vilkåra statslåna blir omsette til i marknaden. Per 30. september 2005 var uteståande volum i slike lån frå Folketrygdfondet på nær 85 mrd. kroner, ein auke på 12 mrd. kroner frå utgangen av 2004. Folketrygdfondet har etter avtale høve til å førtidig innfri plasseringar i langsiktige kontolån. Dersom replasseringar i nye, langsiktige kontolån skjer på basis av innfriing av lån med mindre enn eitt år til forfall, blir desse avrekna mot ramma for langsiktige låneopptak.
Frå mars 2003 har Folketrygdfondet også høve til å gjere rentebyteavtalar eller liknande derivatavtalar med staten på bakgrunn av fondets langsiktige kontolån. Dette gjev Folketrygdfondet høve til å justere renterisikoen utan å omplassere mellom langsiktige og kortsiktige kontolån, noko som inneber ei administrativ forenkling. Slike avtalar inneber ikkje trekk på fullmaktsramma for langsiktig- eller kortsiktig opplåning, men blir dekt av departementet si generelle fullmakt til å inngå rentebyteavtalar eller liknande derivatavtalar.
6.1.3 Grunnkjøpsobligasjonar
Ordninga med å kunne gi oppgjer i form av grunnkjøpsobligasjonar ved offentleg kjøp av grunn o.a. blei avvikla frå og med 1992, jf. Stortingets sitt vedtak av forslaget til skattereform (Ot.prp. nr. 35 (1990-91)), men fram til og med 1998 hadde Finansdepartementet fullmakt til å utferde grunnkjøpsobligasjonar for oppgjer som blei avtalte før 31. desember 1991. Eigarane av grunnkjøpsobligasjonar har fritak for gevinstskattlegging av sal av fast eigedom som obligasjonane var oppgjer for, dersom dei sit med obligasjonane fram til forfall. Dersom obligasjonane blir innfridd før forfall, blir innløysingsbeløpet skattlagt i inntektsåret.
Med sikte på å avslutte ordninga gav departementet hausten 2004 eit tilbod til obligasjonseigarane om førtidig innløysing av samtlege uteståande grunnkjøpsobligasjonar ved utgangen av året. Stortinget vedtok ei endring i skatteloven slik at innløysing pr. 31. desember 2004 ikkje utløyste gevinstskattlegging for det eigedomssal obligasjonane var oppgjer for.
De fleste obligasjonseigarane aksepterte dette tilbodet, slik at uteståande no er redusert til om lag 250 000 kroner.
6.1.4 Fullmakt til å ta opp langsiktige lån i 2006
Finansdepartementet ber om at fullmakta til å ta opp nye langsiktige lån innanlands i 2006 blir sett til 50 000 mill. kroner. Ein tek sikte på å dekke hovuddelen av staten sitt lånebehov ved opptak av langsiktige lån i den innanlandske marknaden. Erfaringar frå tidlegare år tilseier at det kan vere behov for romslege lånefullmakter slik at ein kan tilpasse staten sitt låneprogram til skiftande forhold gjennom året. Ein ber derfor om fullmakt til å ta opp langsiktige innanlandske lån som er større enn finansieringsbehovet i 2006. Ein har då teke omsyn til det behovet som knyter seg til dei postane på statsbudsjettet som ikkje har verknader for pengemarknadslikviditeten, og til utjamning av den langsiktige opplåninga mellom år, jf. avsnitt 2.3. I forslaget til fullmakt har ein også teke høgd for at Folketrygdfondet kan velje å omplassere frå korte til lange kontolånsplasseringar. Ved utgangen av 3. kvartal 2005 hadde Folketrygdfondet plassert vel 10 mrd. i korte kontolån. Opptak av nye lån i 2006 er i hovudsak tenkt å skje etter dei same linjene som i føregåande år.
Tabell 6.3 Uteståande i langsiktige statslån1 . Mill. kroner
Uteståande 31. desember 2004 | 207 240 |
- Avdrag i 2005 | 491 |
+ Berekna låneopptak i 2005 | 27 500 |
= Uteståande 31. desember 2005 | 234 249 |
- Avdrag i 2006 | 328 |
+ Forslag til fullmakt for nye lån i 2006 | 50 000 |
= Maksimalt uteståande 31. desember 2006 | 283 921 |
1 Medrekna langsiktige kontolån frå Folketrygdfondet og statens eigenbehaldning for marknadspleieformål.
Kjelde: Finansdepartementet.
Tabell 6.3 viser uteståande beløp dersom fullmakta for nye langsiktige lån på 50 000 mill. kroner i 2006 blir nytta fullt ut.
6.2 Kortsiktige lån
6.2.1 Statskassevekslar
Den kortsiktige opplåninga skal sikre det kontantbehovet staten har for transaksjonsformål samstundes som ho bidrar til å dekkje finansieringsbehovet på statsbudsjettet. I tillegg er den kortsiktige opplåninga lagt opp slik at ein understøtter Noregs Banks styring av likviditeten i pengemarknaden. Opplåninga i marknaden skjer gjennom sal av statskassevekslar. Dette er renteberande papir utan kupongrente der avkastninga er knytt til underkursen dei blir lagde ut til.
Med dagens opplegg blir det opna nye veksellån med 12 månaders løpetid fire gonger i året. Forfall er knytt til oppgjersdato for standardkontraktar i dei internasjonale marknadene, såkalla IMM-datoar.
Tabell 6.4 Opptak av veksellån i 4. kvartal 2004 og hittil i 2005
Auksjons-dato | Børs- nummer | Forfalls- dato | Auksjons-volum | Effektiv Rente | Midtrente i pengemarkn.1 | Deknings-rate2 |
04.10.04 | NST88 | 16.03.05 | 4 000 | 2,02 | 2,05 | 2,3 |
08.11.04 | NST86 | 16.03.05 | 4 000 | 1,83 | 1,91 | 3,4 |
29.11.04 | NST86 | 16.03.05 | 7 000 | 1,79 | 1,90 | 2,2 |
13.12.04 | NST89 | 21.12.05 | 11 0003 | 2,00 | 2,08 | 2,4 |
10.01.05 | NST89 | 21.12.05 | 3 000 | 2,09 | 2,15 | 2,2 |
02.03.05 | NST87 | 15.06.05 | 3 000 | 1,81 | 1,89 | 2,7 |
14.03.05 | NST90 | 15.03.06 | 9 0003 | 2,32 | 2,40 | 1,9 |
04.04.05 | NST90 | 15.03.06 | 4 000 | 2,23 | 2,31 | 2,3 |
03.05.05 | NST90 | 15.03.06 | 3 000 | 2,22 | 2,30 | 2,7 |
31.05.05 | NST88 | 21.09.05 | 2 000 | 1,94 | 2,08 | 2,6 |
13.06.05 | NST91 | 21.06.06 | 9 0003 | 2,37 | 2,46 | 2,8 |
04.07.05 | NST91 | 21.06.06 | 3 000 | 2,21 | 2,35 | 3,0 |
05.09.05 | NST89 | 21.12.05 | 3 000 | 2,10 | 2,22 | 2,3 |
19.09.05 | NST92 | 20.09.06 | 9 0003 | 2,43 | 2,59 | 2,6 |
12.10.05 | NST92 | 20.09.06 | 3 000 | 2,53 | 2,69 | 2,3 |
1 Gjennomsnitt av bankane sine innlåns- og utlånsrenter i interbankmarknaden på auksjonstidspunktet, interpolert og omrekna til effektive renter på faktisk/365-basis.
2 Bodvolum i høve til auksjonsvolum.
3 Av dette 3 mrd. direkte til staten si eigenbehaldning for marknadspleieformål.
Kjelde: Finansdepartementet og Noregs Bank.
Som for statsobligasjonar blir det for statskassevekslar publisert ein årleg auksjonskalender. For 2005 er det annonsert 14 auksjonar.
Jamfører ein resultatet av auksjonane i kortsiktige statspapir med tilsvarande rente i pengemarknaden, ventar ein at renta på statspapir skal liggje under denne, jf. at investeringar i statspapir blir rekna som kredittrisikofrie. Tabell 6.4 viser resultata i vekselauksjonane det siste året. Renta staten har oppnådd i auksjonane hittil i år har gjennomsnittleg lege 11 rentepunkt under midtrenta i pengemarknaden på auksjonstidspunktet. I 2004 var renta i gjennomsnitt 6 rentepunkt under midtrenta.
6.2.2 Fullmakt til å ta opp kortsiktige marknadslån i 2006
Fullmakta under kortsiktige marknadspapir omfattar statskassevekslar og Folketrygdfondet sine kontolånsplasseringar til statskassen som er knytt til avkastninga på kortsiktige statspapir i marknaden.
Fullmaktene under kortsiktige lån er utforma som ei ramme for maksimalt uteståande beløp, og ikkje som ei ramme for nye låneopptak. Som følgje av dei store svingingane og uvissa i prognosane for staten si kontantbehaldning, og at kortsiktige statspapir blir nytta i den likviditetspolitiske styringa, er det behov for romslege rammer. Ein ber derfor om at fullmakta til å ha uteståande kortsiktige marknadslån blir halden uendra på 120 000 mill. kroner i 2006.
6.2.3 Fullmakt til å ta opp andre kortsiktige lån i 2006
Fullmakta for andre kortsiktige lån omfattar alminnelege kontolån frå statsinstitusjonar og statlege fond, og dessutan eventuelle kontolån frå institusjonar som ved særlege høve kan bli pålagde å plassere overskotslikviditet som kontolån til staten. Kontolån frå ordinære fond (kontogruppe 81 i statsrekneskapen) blir ikkje rekna inn under fullmaktsramma. Eit døme på eit slikt fond er Fondet for forsking og nyskaping. Kontolån av denne typen er ikkje å rekne som lån i vanleg forstand, mellom anna fordi kreditor, som er eit fond under eit departement, ikkje på noko tidspunkt kan disponere hovudstolen.
Per 30. september 2005 var dei totale plasseringane under fullmakta for andre kortsiktige lån om lag 66,9 mrd. kroner. Den største plasseraren er banken som forvaltar likviditeten i samband med visse skatte- og avgiftsbetalingar (for tida DnB Nor). Denne operatørbanken skal etter dagens ordning plassere den likviditeten banken får ved slike statlege betalingar som uforrenta kontolån til staten. Slike kontolånsplasseringar varierer mykje gjennom året. Per 30. september 2005 var det uteståande kontolån på nær 50,9 mrd. kroner under denne ordninga. Hovuddelen av kontolåna frå DnB Nor er no knytt til ordninga for innbetaling av folketrygdavgift og skatt på inntekt til kommunekasserarane. Desse er pålagde å ha eigen kassefunksjon og eigen bankkonto for innbetalte skatte- og trekkbeløp. Denne skattebetalingsordninga er ikkje omfatta av staten si konsernkontoordning.
På bakgrunn av at operatørbanken for skattebetalingsordninga framleis vil ha store plasseringsbehov rundt skatteinnbetalingane, foreslår ein at fullmakta i 2006 til å ha andre kortsiktige lån blir halden uendra på 100 000 mill. kroner.
6.3 Rentebyteavtaler
Staten tok i juni 2005 i bruk rentebyteavtalar i den innanlandske gjeldsforvaltninga.
Ein rentebytteavtale (renteswap) er ein avtale mellom to partar om å byte framtidige rentebetalingar knytt til ein bestemt hovudstol. Sjølve hovudstolen blir normalt ikkje veksla. Slike avtalar gjer det i prinsippet mogleg å skilje valet av rentebinding frå valet av låneinstrument. Bruk av rentebyteavtalar gir dermed staten fleksibilitet til å endre gjennomsnittleg rentebinding på gjeldsporteføljen utan at opplåningsstrategien blir endra, jf. avsnitt 3.3.1.
Departementet har inngått rammeavtalar med fleire motpartar. Desse avtalane regulerer rammene for rentebyteavtalane. For å minske staten sin potensielle kredittrisiko knytt til slike avtalar, krev staten ei tilleggstrygd. Tilleggstrygda, som varierer med den kredittvurderinga motparten har hos dei største kredittvurderingsselskapa, vil halde kreditteksponeringa på eit lågt nivå, jf. avsnitt 3.3.3. Departementet har etablert slike avtalar med alle motpartar det no blir inngått rentebyteavtaler med.
Noregs Bank utførar dei operative funksjonane i samband med inngåingane av avtalane på vegne av departementet. Dei kommersielle avgjerdene blir tekne av Finansdepartementet. Staten avstår frå å inngå avtalar i perioden frå og med sju verkedagar før eit rentemøte i Noregs Bank til og med den dagen renteavgjerda blir kunngjord. Departementet legg vekt på at avtalane blir så økonomisk gunstige som mogleg for staten, og at ein ikkje i vesentleg grad påverkar marknadsprisane eller på annan måte påverkar marknaden på ein uheldig måte.
Ved utgangen av 3. kvartal var det inngått avtalar for til saman 5,75 mrd. kroner med 7 forskjellige motpartar. Hovudstol på dei inngåtte avtalene har vore på mellom 200 og 500 mill. kroner, med løpetider frå 5 til 10 år.
Folketrygdfondet kan også inngå rentebyteavtalar eller tilsvarande derivatavtalar med statskassen for å justere rentebindinga på fondets portefølje av kontolån. Folketrygdfondet har så langt berre nytta denne opninga til å gjere terminforretningar med staten. Desse terminforretningane blir gjorde opp gjennom ein kontanttransaksjon ved forfall og likner såleis på rentebyteavtalar. Forretningane blir rekna inn under Finansdepartementet si generelle fullmakt til å inngå rentebyteavtalar og tilsvarande derivatavtalar.
Ein ber om at fullmakta til å inngå rentebyteavtalar og tilsvarande derivatavtalar blir vidareført.