4 Utviklinga i statsgjelda
Staten si bruttogjeld var i tiårsperioden fram til utgangen av 2002 om lag uendra. Gjennom 2003 auka bruttogjelda, hovudsakleg som følgje av at ein brukte dei statlege låneinstrumenta til å trekke inn overskotslikviditet frå pengemarknaden. Denne meiropplåninga fekk sitt motstykke i auka kontantbehaldning, jf. avsnitt 2.2. Sidan 2003 har statsgjelda halde seg på om lag same nivå.
Ved utgangen 2004 var staten si bruttogjeld (80-gruppa i statsrekneskapen) 321 mrd. kroner. I tillegg kjem kontolån frå ordinære fond (81-gruppa i statsrekneskapen) på 51 mrd. kroner. Til samanlikning utgjorde staten sine fordringar på same tid om lag 1 632 mrd. kroner. Petroleumsfondet inngår i dette talet. Statskassens netto fordringar utgjorde 1 235 mrd. kroner, jf. St.meld. nr. 3 (2003-2004) Statsrekneskapen medrekna folketrygda for 2004.
Ved utgangen av tredje kvartal i år var statsgjelda om lag 351 mrd. kroner. Sesongmessige svingingar i kortsiktig gjeld vil normalt redusere uteståande gjeld frå 3. til 4. kvartal
Den marknadsomsette, innanlandske statsgjelda (statsobligasjonar og statskassevekslar) var også om lag uendra fram til utgangen av 2002, jf. figur 4.1A. Gjennom 2003 auka den marknadsomsette gjelda, og har sidan halde seg på om lag same nivå. Som del av total innanlandsk gjeld har den marknadsomsette gjelda vore om lag uendra sidan 1998.
Marknadsgjelda som del av bruttonasjonalproduktet (BNP) fall fram til 2001, jf. figur 4.1B. Frå 2001 til 2003 steig denne delen noko som følgje av ein auke i marknadsgjelda. Ved utgangen av 2004 utgjorde marknadsgjelda om lag 12 pst. av BNP. Til samanlikning utgjorde marknadsgjelda nær 50 pst. av BNP i både Danmark og Sverige.
Tabell 4.1 gir ei oversikt over utviklinga i staten si gjeld, saman med ei oversikt over utviklinga i staten si kontantbehaldning og utlån til statsbankane. Lån som på opptakstidspunktet bind staten for ein periode på meir enn eitt år, blir rekna som langsiktige lån, medan lån med løpetid på inntil eitt år blir rekna som kortsiktige lån.
Tabell 4.1 Samansetjinga av statsgjelda. Mill. kroner
31.12.03 | 31.12.04 | 30.09.05 | |
Langsiktige lån1 | 224 037 | 207 240 | 230 242 |
Kortsiktige marknadspapir2 | 84 513 | 84 500 | 64 300 |
Andre kortsiktige lån | 31 029 | 29 014 | 56 590 |
Innanlandsk statsgjeld i alt3 | 339 579 | 320 754 | 351 132 |
Utanlandsk statsgjeld | 261 | 0 | 0 |
Statsgjeld i alt | 339 840 | 320 754 | 351 132 |
Memo: | |||
Kontantbehaldning | 108 587 | 88 816 | 75 176 |
Utlån til statsbankane | 190 862 | 188 680 | |
Kapital i Statens petroleumsfond og Statens Petroleumsforsikringsfond | 860 087 | 1 025 175 |
1 Lån med lengre løpetid enn eitt år. Tilbakekjøpte, ikkje nedskrivne avdragsobligasjonar er trekte frå. Medrekna grunnkjøpsobliga- sjonar og langsiktige kontolån frå Folketrygdfondet.
2 Medrekna kortsiktige kontolån frå Folketrygdfondet.
3 Utanom skyldnader på inneståande fondsmidlar (gruppe 81 i statsrekneskapen) og forfalne, ikkje henta ihendehavarobligasjonar.
Kjelde: Finansdepartementet.
Ved utgangen av 3. kvartal 2005 var gjennomsnittleg effektiv rente på staten si samla marknadsomsette gjeld 4,6 pst. Gjennomsnittleg effektiv rente i andrehandsmarknaden for statspapir med like lang rentebinding som den marknadsomsette statsgjelda låg på same tidspunkt på 2,9 pst. For statens obligasjonslån var gjennomsnittsrenta om lag 5,5 pst. ved utgangen av 3. kvartal, medan tilsvarande rente i andrehandsmarknaden for statsobligasjonar låg på om lag 3,1 pst. Den lågare renta i andrehandsmarknaden reflekterer at ein betydeleg del av låna blei teken opp på tidspunkt med høgare rente enn dagens nivå. I avsnitt 6.1 og 6.2 gjer ein nærare greie for resultata av auksjonane i statspapir det siste året.