2 Omtale av utbygginga
Fv 472 går frå krysset med rv 108 (Bratte Bakke) til Utgårdskilen og har ei samla lengd på 5,9 km. Vegen inngår i hovudvegnettet i Hvaler kommune, men den er smal, har ein del randbusetnad og manglar gang- og sykkelveg, trass i at strekninga er skuleveg. Årsdøgntrafikken (ÅDT) varierer frå om lag 600 køyretøy ved Utgårdskilen til om lag 2 000 køyretøy inn mot Bratte Bakke. Tungtrafikken utgjer vel 5 prosent. Det er rekna med at planlagt aktivitet i fiskerihamna på Utgårdskilen vil føre til større trafikkvekst på fv 472 enn det som er lagt til grunn i generelle fylkesprognosar for Østfold. Vidare reknar ein med at tungtrafikken kjem til å utgjere ein større del av trafikken enn i dag.
Tiltaka det er snakk om, omfattar utbetring av kryssområdet mellom rv 108 og fv 472, bygging av gang- og sykkelvegsamband på ein 3,1 km lang strekning mellom Neset og Utgårdskilen, samt enkelte mindre utbetringar. Tiltaka er omtalt i Hvaler kommune og Østfold fylkeskommune sine vedtak og er kostnadsrekna til om lag 26 mill. kr.
Det ligg føre godkjent reguleringsplan for planlagt utbetring av kryssområdet mellom rv 108 og fv 472. Godkjent reguleringsplan for gang- og sykkelvegprosjektet er venta å ligge føre i løpet av 2006.