Tilråing
Samferdselsdepartementet
tilrår:
At Dykkar Majestet godkjenner og skriv under eit framlagt forslag til proposisjon om fylkesveg 472 til Utgårdskilen i Hvaler kommune i Østfold –finansiering av tiltak gjennom forlenga bompengeinnkrevjing på rv 180.
Vi HARALD, Noregs Konge,
stadfester:
Stortinget blir bedt om å gjere vedtak om fylkesveg 472 til Utgårdskilen i Hvaler kommune i Østfold –finansiering av tiltak gjennom forlenga bompengeinnkrevjing på rv 180 i samsvar med eit vedlagt forslag.