5 Samferdselsdepartementet si vurdering
Samferdselsdepartementet har merka seg at utbetring av fv 472 til Utgårdskilen er viktig for Hvaler kommune. Utgårdskilen Regionale Fiskerihavn er eit regionalt utviklingsprosjekt som vil ha nytte av den foreslåtte utbetringa. Prosjektet har mottatt statlege utviklingsmidlar og er løfta fram som eit høgt prioritert regionalt prosjekt i Østfold. Dei foreslåtte tiltaka vil betre trafikktryggleiken og framkommelegheita på fv 427.
Samferdselsdepartementet er samd med Vegdirektoratet i at utbetring av fv 472 til Utgårdskilen blir vurdert som del av ei trinnvis utbygging av eit samanhengande infrastrukturnett i Hvaler kommune. Utbygginga starta med delvis bompengefinansiert bygging av fastlandssambandet til dei vestre Hvalerøyane tidleg på 1970-talet. På slutten av 1980-talet vart utbygginga vidareført gjennom delvis bompengefinansiert utbygging av fastlandssambandet til Kirkøy.
Departementet legg stor vekt på at det er lokalpolitisk tilslutning til forlenga innkrevjing i bomstasjonen på rv 108 på Bukkholmen for å delfinansiere tiltaka på fv 472. Departementet påpeiker at trafikken på fv 472 har vore med på å finansiere fastlandssambandet til Kirkøy på rv 108 utan å ha hatt direkte nytte av tunnelen. Innkrevjingsordninga blir no utvida til også å omfatte nokre mindre tiltak på fv 472.
Samferdselsdepartementet legg til grunn at det blir innført reduserte takstar med 20 kr for lette køyretøy og 40 kr for tunge køyretøy. Ordninga med einvegs bompengeinnkrevjing blir vidareført. Rabattane skal vere i tråd med gjeldande takstretningslinjer, men med fritak for dei to eigedommane i Fredrikstad kommune som har avkøyrsel til rv 108 sør for bomstasjonen.
Noreg har gjennom EØS-avtalen plikt til å følgje føresegnene i mellom anna det såkalla Eurovignettdirektivet (1999/62/EC). Samferdselsdepartementet meiner at direktivet, som gjeld for avgifter på tunge køyretøy over 12 tonn på hovudvegnettet, ikkje er til hinder for forslaget i denne proposisjonen. Det handlar om ei innkrevjing i eitt punkt for bruk av infrastrukturen i Hvaler kommune, som ikkje rører ved nokon stamveg. Noreg har tidlegare fått medhald hjå EU-kommisjonen for denne typen bompengeordning.
I tråd med dei lokale vedtaka legg Samferdselsdepartementet til grunn at bompengeinnkrevjinga i bomstasjonen på rv 108 på Bukkholmen kan forlengast med inntil 2 ½ år for å delfinansiere dei foreslåtte tiltaka på fv 472 til Utgårdskilen. Det er samstundes eit vilkår at innkrevjinga blir avslutta før eventuell oppstart på foreslått bompengeinnkrevjing for prosjektet rv 108 Ny Kråkerøyforbindelse i Fredrikstad. Ordninga vert altså seinast avvikla i juli 2009, 19 år og 9 månader etter at innkrevjinga i samband med Hvalertunnelen starta. Retningslinene for norske bompengeprosjekt seier rett nok at ein ikkje bør planleggje lengre bompengeperiodar enn 15 år, men St.meld. nr. 46 (1990-91) «Om endring i rammebetingelser for bompengeprosjekter» opnar for både 20 år og forlenging med fem år utover dette ved spesielle høve.
Ved ein eventuell kostnadsauke må utbygginga tilpassast tilgjengelege midlar. Det er derfor ein føresetnad at utbetringa blir gjennomført mest mogeleg samtidig med bompengeinnkrevjinga.