1 Bakgrunn
Ved avgjerd i EØS-komiteen nr. 73/2004 av 8. juni 2004 vart vedlegg IX (finansielle tenester) til EØS-avtala endra. Endringa omfatta innlemming av direktiv 2003/71/EF av 4. november 2003 om det prospektet som skal offentleggjerast når verdipapir vert lagde ut til offentleg teikning eller vert tekne opp til omsetnad (prospektdirektivet). Hovudføremålet med direktivet er å gjere det enklare og rimelegare for føretak å hente inn kapital i den europeiske verdipapirmarknaden, utan at dette går ut over omsynet til investorane.
Ettersom gjennomføringa i norsk rett krev lovendring, vart avgjerda i EØS-komiteen teken med atterhald om samtykke frå Stortinget, i samsvar med § 26 andre leddet i Grunnlova.
Avgjerda i EØS-komiteen og direktiv 2003/71/EF i uoffisiell norsk omsetjing følgjer som trykte vedlegg til proposisjonen.