Tilråing
Utanriksdepartementet
tilrår:
At Dykkar Majestet godkjenner og skriv under eit framlagt forslag til proposisjon til Stortinget om samtykke til godkjenning av avgjerd i EØS-komiteen nr. 73/2004 av 8. juni 2004 om innlemming i EØS-avtala av direktiv 2003/71/EF om det prospektet som skal offentleggjerast når verdipapir vert lagde ut til offentleg teikning eller vert tekne opp til omsetnad (prospektdirektivet).
Vi HARALD, Noregs Konge,
stadfester:
Stortinget vert bede om å gjere vedtak om samtykke til godkjenning av avgjerd i EØS-komiteen nr. 73/2004 av 8. juni 2004 om innlemming i EØS-avtala av direktiv 2003/71/EF om det prospektet som skal offentleggjerast når verdipapir vert lagde ut til offentleg teikning eller vert tekne opp til omsetnad (prospektdirektivet), i samsvar med eit vedlagt forslag.