5 Økonomiske og administrative konsekvensar
Gjennomføringa av direktivet medfører auka kontrolloppgåver for dei aktuelle styresmaktene. Spørsmålet om kva organ som skal utføre desse oppgåvene og i kva grad kostnader til kontroll skal dekkjast av brukarane av ordninga, er blant dei spørsmåla som må granskast og vil verte nærmare omtala i seinare framlegg for Stortinget. Dei mest aktuelle organa i denne samanhengen er Kredittilsynet og Oslo Børs.
Det er grunn til å tru at direktivet i utgangspunktet vil medføre ein viss auke i kostnadene for føretaka ved at fleire enn tidlegare vil verte omfatta av plikta til å utferde prospekt. Dette må likevel sjåast i samanheng med at føremålet med direktivet er å redusere kapitalkostnadene for føretaka. Samstundes inneber løysingane i direktivet innsparingar for føretaka på visse område, mellom anna ved at det i større grad enn tidlegare vert opna for tilvisingar frå prospektet til tidlegare utferda dokument og for ombruk av delar av prospektet.