6 Konklusjon og tilråding
Direktivet harmoniserer regelverket i EØS-området med omsyn til prospekt ved tilbod om offentleg teikning og opptak av verdipapir til handel. Det vil medverke til å skape ein reell indre marknad for finansielle tenester, noko som igjen vil redusere kapitalkostnadene for næringslivet.
Finansdepartementet tilrår godkjenning av direktiv 2003/71/EF om det prospektet som skal offentleggjerast når verdipapir vert lagde ut til offentleg teikning eller vert tekne opp til omsetning (prospektdirektivet). Utanriksdepartementet sluttar seg til dette.