3 Verknader av framlegget til pensjonsregulering
Meirutgiftene ved framlegget om å auke grunnbeløpet med 2625 kroner frå 1. mai 2009 blir på om lag 4 910 mill. kroner, jamført med reglar og satsar før 1. mai 2009. I tillegg kjem auka utgifter til statspensjonistane frå 1. mai 2009. Fornyings- og administrasjonsdepartementet legg fram eigen proposisjon om dette.
Det finst òg andre ytingar som er knytte til grunnbeløpet, slik som til dømes introduksjonsstønad og kvalifiseringsstønad. Desse stønadene tilsvarer to gonger grunnbeløpet. Kommunane betalar ut introduksjonsstønad og får dekt utgiftene sine indirekte gjennom intergreringstilskottet frå staten. Kvalifiseringsprogrammet blir fasa inn i takt med etableringa av NAV-kontor. I perioden med innfasinga blir kommunane kompenserte for dei berekna meirkostnadene gjennom eit særskilt tilskott. Overslag over meirkostnadene blir utarbeidd i samråd med KS. Det blir teke sikte på å innlemme kompensasjonen i rammetilskottet til kommunane frå 2011.
Tabell 3.1 viser utviklinga av minstepensjonane og pensjonane for unge uføre fødde etter 1940 frå 1. mai 1992 etter framlegget til pensjonsregulering.
Tabell 3.1 Utviklinga av minstepensjonane og pensjonane for unge uføre i perioden 1.05.1992 - 30.04.2010. Kroner.
Minstepensjon | Unge uføre fødde etter 1940 | ||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|
Einslege | Ektepar | ||||||
Pr. år | Pr. md. | Pr. år | Pr. md. | Pr. år | Pr. md. | ||
1.05.92-30.04.93 | 58 583 | 4 882 | 94 752 | 7 896 | 87 096 | 7 258 | |
1.05.93-31.12.93 | 59 868 | 4 989 | 96 816 | 8 068 | 88 992 | 7 416 | |
1.01.94-30.04.94 | 59 868 | 4 989 | 101 0881 | 8 4241 | 88 991 | 7 416 | |
1.05.94-31.12.94 | 61 116 | 5 093 | 103 200 | 8 600 | 90 852 | 7 571 | |
1.01.95-30.04.952 | 61 512 | 5 126 | 103 992 | 8 666 | 90 852 | 7 571 | |
1.05.95-30.04.96 | 63 372 | 5 281 | 107 136 | 8 928 | 93 600 | 7 800 | |
1.05.96-30.04.97 | 66 240 | 5 520 | 111 984 | 9 332 | 97 836 | 8 153 | |
1.05.97-30.04.983 | 69 360 | 5 780 | 117 456 | 9 788 | 101 412 | 8 451 | |
1.05.98-30.04.994 | 81 360 | 6 780 | 140 040 | 11 670 | 108 252 | 9 021 | |
1.05.99-30.04.00 | 84 204 | 7 017 | 144 912 | 12 076 | 112 032 | 9 336 | |
1.05.00-30.04.01 | 88 032 | 7 336 | 151 512 | 12 626 | 117 132 | 9 761 | |
1.05.01-30.04.02 | 92 100 | 7 675 | 158 520 | 13 210 | 122 544 | 10 212 | |
1.05.02-30.04.03 | 97 140 | 8 095 | 167 208 | 13 934 | 129 252 | 10 771 | |
1.05.03-30.04.04 | 101 964 | 8 497 | 181 2005 | 15 100 | 135 660 | 11 305 | |
1.05.04-30.04.05 | 105 408 | 8 784 | 190 2486 | 15 854 | 140 244 | 11 687 | |
1.05.05-30.04.06 | 108 852 | 9 071 | 199 5127 | 16 626 | 144 828 | 12 069 | |
1.05.06-30.04.07 | 112 788 | 9 399 | 206 712 | 17 226 | 150 060 | 12 505 | |
1.05.07-30.04.08 | 119 820 | 9 985 | 219 600 | 18 300 | 159 420 | 13 285 | |
1.05.08-30.04.098 | 136 296 | 11 358 | 251 496 | 20 958 | 173 5329 | 14 461 | |
1.05.09-30.04.1010 | 143 568 | 11 964 | 265 272 | 22 106 | 180 012 | 15 001 |
1 Heving av sats for særtillegget for ektepar frå 1.01.1994. Ny sats 2 x 60,5 pst. av grunnbeløpet, dvs. dobbelt av ordinær sats og ny minstesats.
2 Heving av sats for særtillegget frå 1.01.1995. Ordinær sats utgjorde 61,55 pst. av grunnbeløpet.
3 Heving av sats for særtillegget frå 1.05.1997. Ordinær sats utgjorde 63,2 pst. av grunnbeløpet (minstesats 57,5 pst).
4 Heving av sats for særtillegget frå 1.05.1998. Ordinær sats utgjorde 79,33 pst. av grunnbeløpet, medan minstesats er 74 pst. av grunnbeløpet.
5 Grunnpensjonen for ektepar auka frå 0,75 G til 0,8 G frå 1.05.2003.
6 Grunnpensjonen for ektepar auka til 0,825 G frå 1.05.2004.
7 Grunnpensjonen for ektepar auka til 0,85 G frå 1.05.2005.
8 Ordinær sats for særtillegget auka til 94 pst. av grunnbeløpet frå 1.05.2008.
9 Dei medrekna framtidige pensjonspoenga for unge uføre blei heva frå 3,30 til 3,50 frå 1.05.2008.
10 Ordinær sats for særtillegget vil auke til 97 pst. av grunnbeløpet frå 1.05.2009.
Kjelde: Arbeids- og velferdsdirektoratet