7 Avtalefesta pensjon
Etter lov 23. desember 1988 nr. 110 om statstilskott til ordningar for avtalefesta pensjon § 6 gir staten tilskott med 40 prosent av pensjonsutgiftene for pensjonistar over 64 år.
Under kap. 666, post 70 Tilskott er det for 2009 løyvd 1 259 mill. kroner til statstilskott.
AFP-pensjonane blir rekna ut som pensjonane frå folketrygda. Det blir gjort framlegg om å auke statstilskottet med 31 mill. kroner.