3 Avtale om driftstilskot og takstar for fysioterapeutar
I forhandlingsmøte 31. mai 1999 blei Norske Fysioterapeuters Forbund, Kommunenes Sentralforbund og staten samde om eit tilrådd framlegg til revidert avtale om driftstilskot og takstar for fysioterapeutar. Avtalen skal gjelde for tidsrommet 1. juli 1999-30. juni 2000.
Avtalen føreset ei regulering av takstar og driftstilskot med 4,0 pst pr 1. juli 1999. Takstar og driftstilskot aukar med same prosentsats. Folketrygda skal som tidlegare setje av 1,5 pst av utbetalte refusjonar til fond for etter- og vidareutdanning.
Departementet tilrår at løyvinga for 1999 under kap 2755 post 71 Refusjon fysioterapi blir regulert med 21,0 mill kroner.
Fastlønsilskotet for fysioterapeutstillingar var 109 000 kroner i 1998. Departementet tilrår at fastlønnstilskotet aukast til 112 500 kroner for 1999 og at kap 2755 post 62 Tilskot til fastlønsordning fysioterapeutar blir regulert med 4,0 mill kroner. Det er teke omsyn til auken i eigendelane frå januar 1999 ved reguleringa av fastlønstilskotet.